Hopp til innhold

Overgrepssikta tok kontakt med 2600 på WhatsApp – mange av dei mindreårige jenter

Ein 23 år gamal mann frå Sogn og Fjordane er sikta for nettovergrep mot jenter ned i 11-årsalderen i Noreg og Tyskland. Politiet mistenker at det er mange offer.

India WhatsApp Lawsuit

POPULÆR APP: WhatsApp er eigd av Facebook og er ein av verdas mest brukte appar.

Foto: Patrick Sison / AP

Mannen blei pågripen i ei bygd i Sogn og Fjordane 22. juni og blei torsdag varetektsfengsla i fire veker med brev og besøkskontroll.

– Vi er heilt i starten av etterforskinga, seier politiadvokat Sissel Kleiven til NRK.

Ho vil ikkje gå i detaljar, men syner til tingretten si avgjerd. Der blei det lagt fram ein politirapport som syner at sikta har tatt kontakt med over 2600 profilar på chatteappen WhatsApp.

– Det kan sjå ut til at dei fleste sikta forsøker å kome i kontakt med er i aldersgruppa 14 pluss / minus nokre år gamle, skriv tingretten i si avgjerd.

Mannen er no sikta for nettovergrep mot ei rekke mindreårige jenter under 16 år.

Krav frå Tyskland

I retten blei det mellom anna lagt fram skjermbilete av ein chattelogg der sikta tar kontakt med ei jente som oppgir å vere 12 år gamal.

I chatteloggen ber han jenta sende det politiet meiner er overgrepsbilete, og sender sjølv bilete av sitt erigerte kjønnsorgan.

Det har også kome eit rettskrav frå Tyskland, der dei ber om ransaking og avhøyr av sikta i samband med seksualisert kommunikasjon med ei 11 år gamal jente.

NRK har vore i kontakt med mannen sin forsvarar, Tor André Evjen Amble. Han ønskjer førebels ikkje å kommentere saka.

Det ønskjer heller ikkje hovudetterforskaren, som syner til politiadvokat Sissel Kleiven.

– Tidleg fase

Sogn og Fjordane tingrett meiner at det ligg føre grunn til mistanke om at mannen er skuldig i det politiet har funne ut så langt.

Dei peikar også på at det er fare for at elektronisk bevismateriale kan bli øydelagt dersom han blir sleppt fri.

– Etterforskinga er førebels i ein tidleg fase der politiet ikkje har oversikt over omfanget av sikta sin aktivitet, derunder kven som er fornærma i saka, skriv tingretten.