Hopp til innhold

Overdosar og uro i Nygårdsparken

Ambulansefolk måtte be om politihjelp.

- AMK ba politiet om hjelp for å kunne gå inn i parken, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Bjarne Flokenes.

Tre behandla

– Det var ein person som for med ambulansen. To andre vart behandla på staden, fortel Flokenes.

Det skal ha vore mykje folk og hissig stemning i parken.

Lukker øynene for Nygårdsparken

Truga med kniv

Politiet tok med seg to personar.

– Nokon hevdar å ha blitt truga med kniv, men det har så langt ikkje blitt verifisert, fortel operasjonsleiaren.

Politiet vil no undersøka trugsmåla nærare.

LES OGSÅ: - Tilrettelegg for sal av narkotika