Hopp til innhold

Øvde på tunnelbrann

Laurdag øvde brannmannskap frå Aurland og Hol på noko av det dei fryktar mest. Brann i ein dei mange tunnelane utan brannventilasjon og naudnett.

Brannøving

BRANNØVING: Brannvesenet i Aurland har kjøpt inn mobil vifte til å lufte ut røyk i samband med brann i tunnelar.

Foto: Aurland brannvesen

– På fylkesveg 50 er det berre to tunnelar med brannventilasjon. Difor er det viktig for oss å øve på det vi skal gjere når det brenn i ein tunnel utan brannventilasjon, seier øvingsleiar Arvid Gilje.

Scenariet denne gongen var brann i to bilar som hadde kollidert inne i den 2,2 kilometer lange Stondalstunnelen på fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol. For å gjere det så realistisk som mogleg for mannskapa, som kom både frå Aurland og Hol, vart det sett fyr i ein konteinar fylt med bildekk inne i tunnelen.

– Vi hadde inne to ulike lag med røykdykkarar som begge fann kvar si dukke som brukte som markørar. Den tredje markøren vart funnen av mannskapa nær tunnelmunningen på austsida, seier Gilje.

Ny vifte

Arvid Gilje, brannsjef i Aurland

VIKTIG Å ØVE: Arvid Gilje er øvingsleiar for brannvesenet i Aurland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Aurland har opplevd fleire tunnelbrannar. Blant anna har det brunne to gonger i Gudvangatunnelen. Brannane har synt kor viktig det er med skikkeleg brannventilasjon. Difor har brannvesenet gått til innkjøp av ei mobil vifte som dei kan bruke i dei mange tunnelane utan eigen brannventilasjon.

– I dag sette vi opp vifta på utsida av tunnelen på vestsida. Vifta var svært effektiv, og då mannskapa frå Hol kom fram til tunnelen så var den tjukkaste røyken lufta ut slik at dei kunne kome inn, seier Gilje.

Imponert ordførar

Til stades på øvinga i dag var ordførarane i Hol og Aurland. Noralv Distad som er ordførar i turistkommunen Aurland er imponert over innsatsen til brannmannskap i dag.

Noralv Distad

IMPONERT: Noralv Distad (H) er ordførar i Aurland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har over 60 kilometer med tunnelar i kommunen, og ei av dei viktige oppgåvene til brannmannskap er nettopp å kunne rykke ut til ei ulukke i ein av tunnelane våre. For meg er det betryggande å vite at vi har mannskap som er så dyktige som dei vi såg i dag, seier Distad.

Her kan du lese om brannen i Fjærlandstunnelen tidlegare i vår.

Naudnett

Sjølv om øvinga i Stondalstunnelen laurdag gjekk svært bra er øvingsleiar Gilje også oppteken av kva som kan bli betre. Eit av ankepunkta hans er mangelen på naudnett i mange tunnelar.

– Eg meiner at alle tunnelar burde ha naudnett, og det bør ikkje vere basert på trafikk men på kor lange tunnelane er, seier Gilje.

Og det er ordførar ei Aurland samd i.

– Her i kommunen har vi svært mange lange tunnelar. Gilje har vore ein som verkeleg har stått på for betre brannsikring, og eg tykkjer det er viktig å lytte til det han seier. Det bør vere eit statleg oppgåve å sørge for naudnett, seier Distad.