Hopp til innhold

Oselie (14) skal til finalen i Melodi Grand Prix Jr.

NORDFJORDEID (NRK): Oselie Henden (14) frå Eid er finalist i Melodi Grand Prix Jr. med songen «Verda vår». Ho har latt seg inspirere av flyktningkrisa til å skrive songen.

Oselie Henden

VELDIG SPENT: Oselie Henden frå Eid gler seg veldig til finalen i Melodi Grand Prix Jr.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg trur det blir ei sjuk oppleving for meg. Eg er veldig spent, og gler meg veldig mykje, seier Henden.

Ho er i full gang med førebuingane til årets finale av Melodi Grand Prix Jr.

Finalen i songtevlinga er 4. november. Før den tid har Henden allereie rukke å bli kjent med dei andre deltakarane.

– Vi var på ein leir i lag tidlegare i haust. Vi har blitt gode vener, samstundes som vi alle ønskjer å vinne. Vi er jo konkurrentar og, ler Henden.

Det var tredje gongen at ho melde seg på MGP Jr., det er difor ekstra stort å endeleg få vere med.

– Eg tenkte at no kjem eg inn, eller så gidd eg ikkje meir. Det er jo eit lite eventyr for meg å vere med på det her.

Eid i finalen for andre gong på rad

Det er andre året på rad at Eid kommune er representert i MGP Jr.-finalen. I fjor stakk eidarane Vilde og Anna også av med sigeren i den populære songkonkurransen.

Dei to vinnarane frå i fjor har eit klart råd til årets finalist.

– Det beste tipset å ha det kjekt, vere seg sjølv og berre nyte det, seier Vilde og Anna.

Anna Hjelle, Vilde Naustdal og Oselie Henden

KJENNER KVARANDRE: Vilde, Anna og Oselie kjem alle ifrå Eid. Fjorårets vinnarar har treft årets finalist, og har gitt ho råd.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

– Vi må ta vare på alle saman

Fjorårets vinnarlåt handla om Vestlandet, og kor godt det er å bu langs fjordar, tunnelar og bruer. Denne gongen handlar bidraget frå Eid om flyktningpolitikk og den store flyktningstraumen som kom til Norge i fjor.

– Eg vart inspirert av flyktningkrisa, og at det har kome så mange nye folk her til landet. Vi må ta vare på alle saman, seier Henden.

For femtenåringen er det ei sak der ho har eit sterkt personleg engasjement.

– Eg har fleire nære vener som har vore flyktningar. Eg er oppvaksen med flyktningkrisa, og det har inspirert meg til å ville skrive ein song om det, seier Henden.