Hopp til innhold

Vilde og Anna vann MGPjr

Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) frå Nordfjordeid gjekk heilt til topps i årets MGPjr.

Vilde Hjelle og Anna Naustdal

VANN MED «VESTLANDET»: Vilde Hjelle og Anna Naustdal frå Nordfjordeid.

Foto: NRK

Nordfjordjentene var blant dei 10 finalistane som laurdagskveld konkurrerte MGPjr. i Oslo Spektrum.

Med sin eigenkomponerte song «Vestlandet» kom dei to nordfjordjentene gjennom det første nålauge i laurdagens MGPjr-finale og vart ein fire superfinalistar.

Med seg i salen hadde Vilde og Anna ein fanskare på 350 familie, vener og kjente som hadde tatt turen til Oslo denne helga fore å heie på «Vestlandet».

Og då røystene vart talde opp synte det seg at hyllesta til Vestlandet var det som skulle til. Vilde og Anna og «Vestlandet» gjekk nemleg heilt topps.

To jenter rørt til tårer fekk overlevert det synlege beviset på at dei hadde vunne årets MGPjr, før dei gjekk på scena igjen for å synge vinnarlåten for tredje gong.

NRK kjem attende med ei fyldigare sak og intervju med Vilde og Anna litt seinare i kveld.