Hopp til innhold

Lærdal kommune i stor økonomisk knipe – Situasjonen er tøff, seier ordføraren

Med store budsjettkutt, driftsunderskot og tomme fond er Lærdal kommune i ei økonomisk knipe. Samstundes skal dei byggje opp att etter brannen som herja i januar.

Kommunestyremøte i Lærdal

MÅ KUTTE: Lærdal kommune har ein stram økonomi. I dag var det kommunestyremøte der politikarane prøvde å finne løysingar på utfordringane.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det er vel lenge sidan Lærdal har vore i ein verre situasjon. Vi har brukt opp fonda våre og den daglege drifta går med underskot, seier ordførar i Lærdal kommune, Jan Geir Solheim.

Vi har ein organisasjon som over tid har vore vande med at underskotet har blitt dekka av fond. No er det faktisk tomt.

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal

Kommunen er i økonomisk trøbbel og hadde i fjor eit driftsunderskot på 6,1 millionar kroner. I desember vedtok omstillingskommunen eit budsjett med fleire kutt, i tillegg må dei dekke inn det store underskotet frå i fjor.

– Det er jo veldig synd. Vi er i eit år der vi skal kutte i tillegg, så det gjer at vi har veldig store utfordringar med drifta i Lærdal kommune, seier Solheim.

Dårleg økonomidisiplin

– Situasjonen er tøff og gjer at vi er nøydd til å ha færre folk på arbeid, seier han.

– Korleis har ein klart å hamne i ein slik situasjon?

– Det er mange årsaker. Vi er ein kommune med veldig store inntekter, så det er ikkje der det skortar for oss. Vi har bygd mykje i det siste, vi har høge lån og store forpliktingar. Men det er driftsutgiftene våre over tid som har vore store. I fleire år har driftsbudsjettet sprekt, men då hadde vi fond å ta pengar frå, men no er dei brukt opp, seier Solheim.

Ordføraren vedgår at økonomidisiplinen kanskje har vore for dårleg i kommunen. I fjor hamna kommunen på den såkalla Robek-lista. Ei liste over kommunar i økonomisk ubalanse.

Vi er i det som på godt sogning heiter ei «klabeita».

Jan Olav Fretland, kommunestyrerepresentant

– Vi kan kanskje skulde på det. Vi har ein organisasjon som over tid har vore vande med at underskotet har blitt dekka av fond. No er det faktisk tomt. No har vi 407.000 kroner i disposisjonsfondet, og det er veldig lite pengar i eit så stort budsjett, seier ordføraren.

– Vi er i «klabeita»

Samstundes som kommunen er i ei alvorleg pengeknipe skal dei byggje opp att 40 bygningar etter brannen som råka Lærdalsøyri i januar.

– Det er utfordrande. Vi må ha fleire folk på jobb og vi jobbar veldig mykje med det som skjedde og etterverknadane av brannen, så det har tømt kontoane våre på mange områder, seier Solheim.

Kommunestyrerepresentant og SV-politikar, Jan Olav Fretland seier det er veldig vanskeleg å vere i formannskapet no.

– Vi vedtok eit budsjett med store kutt og så syner rekneskapen at det har vi ikkje klart. I tillegg har vi brannen, og sidan vi ikkje har fått svar frå kommunalministeren enno må vi låne pengar til naudsynte ting. Det å få orden på reguleringsplanen og slike ting, seier Fretland.

– Vi er i det som på godt sogning heiter ei «klabeita», seier SV-politikaren.

Oppvekstsektoren vil merke det

Jan Olav Fretland

STORE INNSTRAMMINGAR: SV-politikar Jan Olav Fretland, kommunestyrerepresentant i Lærdal kommune seier det er vanskeleg å gje svar på kvifor Lærdal hamna i denne situasjonen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Situasjonen kommunen har hamna i gjer at politikarane ikkje har noko handlingsrom, kan Fretland fortelje. Dei gjer berre akkurat det dei må.

– Akkurat no så er det veldig viktig å få til noko meir enn det. Så vi må få til tettare rapportering, vi må vite meir om kva som gjer at vi får overskridingar, og vi må vite det tidleg slik at vi kan setje inn tiltak, seier han.

Og det er særleg på oppvekst ein kjem til å merke den dårlege økonomien.

Fretland kan fortelje at det allereie er vedteke store innstrammingar på barnehagar og på alle skulane.

– Det fører til oppseiing av stillingar, og det fører til at ikkje alle ungar får så god oppfølging som dei elles ville ha hatt. Så skal vi diskutere spesialundervisning, og om vi kan spare nokre midlar ved å vere meir effektive der, forklarar han.

Som eit troll med to hovud

Fretland seier det er vanskeleg å gje ei forklaring på korleis kommunen har hamna i denne situasjonen.

– Rapporten vi fekk i september antyda eit lite underskot, og så har det kome kanskje fire millionar etter det, og det har vi ikkje fått ei heilt god forklaring på. Så det må formannskapet setje seg ned å sjå på og be rådmannen finne nøyaktige forklaringar, slik at det ikkje skjer ein gong til, seier Fretland.

– Korleis skal ein klare å byggje opp att etter brannen med den økonomien kommunen har?

Marianne Aarethun Rode

GLAD: Marianne Aarethun Rode.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Poenget er at vi må halde desse to linjene kvar for seg. Drifta i Lærdal kommune slik ho var før årsskiftet, den må kuttast. Atterreising og omstilling og dei midlane som ligg der må vere for seg. Så må vi passe på at dei pengane ikkje renner inn i ei permanent drift, forklarar han.

– Det er på ein måte som eit troll med to hovud. Ein skal stramme inn på den eine sida, samstundes som ein skal bruke mange nye pengar som vi forhåpentlegvis får, seier Fretland.

Kan starte å byggje opp att husa

Under kommunestyremøtet i dag vart også reguleringsplanen for det området som blei råka av brannen behandla. Dette var ei gladnyheit for alle som vart råka av brannen.

–At reguleringsplanen no er banka gjennom betyr mykje for oss alle og vi kan no starte på dei nye husa våre, seier talsperson for dei som mista husa sine storbrannen, Marianne Aarethun Rode.

Høyr intervju med Marianne Aarethun Rode her: