Meteorologane har varsla oransje farevarsel for styrtregn over Vestlandet onsdag ettermiddag til torsdag morgon. I same periode varslar NVE flaum- og jordskredfare på gult nivå for Hordaland, Sogn og Fjordane og deler av Møre og Romsdal.
Lokalt kan det komme 30–55 millimeter nedbør i løpet av tre timar.
– Vi har følgd situasjonen og vurdert prognosane. Dei er ganske samkøyrde no. At det er fare for mykje nedbør er opplagt, seier statsmeteorolog Steinar Skare.
NVE fryktar situasjonar
Årsaka er den kalde lufta som i løpet av torsdag kjem frå Nordsjøen og tek over for varmlufta som siste dagane har kvilt over store delar av Sør-Noreg.
Det blir vått stort sett over heile Sør-Noreg, men Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ligg midt i «skotlinja».
Mest nedbør er venta i midtre strok av dei to sistnemnde fylka. Skare presiserer at det er lokale variasjonar.
NVE har starta arbeidet med å analysere dei venta nedbørsmengdene. Regionsjef Brigt Samdal, seier at varsla er alvorlege, men at situasjonen førebels er uoversiktleg.
– Men det er verd å merke seg at det er tale om veldig store mengder. Får ein dette lokalt og konsentrert, så er vi redde for at det kan gi situasjonar, seier Samdal.
Det er for tidleg å samanlikne vêrsituasjonen med då styrtregn utløyste fleire skred i Førde, Jølster og Gloppen.
Fleire vegar vart stengde og mange vart evakuerte. Ein mann i 50-åra er framleis sakna etter å ha blitt tatt av jordskred i Jølster.
– Eg håpar definitivt at vi ikkje opplever ei slik hending att no. Difor er det viktig å analysere grundig kvar og korleis nedbøren treff, seier Samdal.
Fare for skred
I tillegg til jord- og flaumskred der nedbøren treff hardast, kan det bli lokale overfløymingar og bekke- og elveløp kan ta nye vegar.
Gult farenivå for jord- og flaumskred er NVE sitt lågaste varslingsnivå, men Samdal oppmodar folk til å halde seg oppdatert på vêret.
– Det viktigaste er at folk bur seg på dette. Det vil seie å sjå til at vassvegane er opne. Skulle ei hending oppstå, så må ein ha god avstand så ein ikkje risikerer å kome ut for ein krevjande situasjon ved flaum eller skred, seier Samdal.
Kan vurdere evakuering
Sjølv om vestlendingane har opplevd, og vil oppleve, mykje nedbør, har Samdal forståing for at folk kan bli redde etter slike varsel.
– Vi må ha forståing for at folk nettopp har opplevd ein ganske krevjande situasjon i fleire kommunar, og at det set litt lenger framme no som ein forstår litt kva krefter som er i sving, seier han.
– Kan nedbøren by på problem der det rasa sist?
– Vi har veldig sterkt fokus på akkurat det, og har fått gjort ein del tiltak etter hendingane i slutten av juli. Vi har starta sikringsarbeid i enkelte elvar, men det er nokre svake kantar og husa vi eventuelt er nervøse for vil vi kontakte.
Regionsjefen utelukkar ikkje at enkelte hus kan bli evakuerte.
– Enkelthus kan få melding om at det kan vere fornuftig å flytte ut for ei natt, seier han.