Hopp til innhold

Stormen treff land: – Utsett sjarkfisket til ein annan dag

– Vi ventar full storm, både nord i Nordland og Sør-Troms, og situasjonen er alvorleg nok til å oppgradere til oransje farevarsel.

Restane av stormen "Sally" treff Noreg.

KRAFTIG VIND: Det blir eit heftig døgn i Nordland og Troms, med fare for store nedbørsmengder og kraftig vind. Slik var stoda klokka 10 måndag.

Foto: @meteorologane

Det seier vakthavande meteorolog Gjermund Haugen til NRK måndag morgon.

  • Det er venta sør-vestleg og seinare vestleg storm.
  • Vinden kjem innover land og ein ventar vindkast på 30-35 meter per sekund.
  • Nord-Salten og Sør-Troms vil få den kraftigaste vinden.
  • Rugsundbrua i Sogn og Fjordane er stengd på grunn av kraftige vindkast.

Det blir eit vêrmessig kontrastfylt bilete av Noreg. Sørvestlandet, Sørlandet og Austlandet kan bu seg på høvesvis «greitt vêr», medan det blir grått og litt vått på Vestlandet.

Lenger nord, derimot, er det berre å bu seg på høge bølgjer, kraftig vind og store nedbørsmengder.

– Den blir litt hissig denne. Ein bør unngå bruk av små båtar, og halde seg på land, seier meteorolog Håvard Thorset.

Rett etter klokka 12 gjekk Meteorologisk ut med ein ny video som syner kvar uvêret vil treffe hardast.

– Utsett sjarkfisket til ein annan dag, skriv Meteorologane.

Laster Twitter-innhold

For restane av den tropiske stormen «Sally» er i full fart mot nordlege delar av Noreg. Vinden vil ein merke godt langs kysten frå Stad og nordover.

Men det er Nordland og sørlege delar av Troms som får det verst.

Meteorologane var usikre på om varselet burde vere gult eller oransje. Dei landa søndag på gult. Vinden auka på frå natt til måndag.

Måndag føremiddag vart varselet oppgradert til oransje.

– Utover ettermiddagen måndag kan det bli opp mot full storm på kysten rundt Vestfjorden, Lofoten og Vesterålen. Vinden dreier litt meir vestleg retning, og då kan det slå godt med vindkast innover land, seier Thorset og konstaterer at det ser ut til å bli det kraftigaste lågtrykket til no i haust.

– På grensa til oransje

– Prognosane ligg heilt på grensa mellom gult og oransje i høve våre kriterium. Vi følgjer med, seier han og ber folk pakke vekk trampolinar, hagemøblar og anna som kan blåse vekk.

– Det har vore fleire lågtrykk i det siste, men så pass kraftig vind som dette har vi ikkje hatt endå i haust. Så det er absolutt verdt å vere obs på det, legg Thorset til.

7–11 meter høge bølgjer

Mykje nedbør på veg mot Nord-Noreg

VÅTT: Det kan bli så mykje som opp mot 100 millimeter på eitt døgn i delar av Nordland og Troms.

Foto: Meteorologisk institutt

Høg vasstand kombinert med kraftig vind kan også føre 7–11 meter høge bølgjer mot land dei mest utsette områda.

– Kombinasjonen kan skape problem om ein har fortøydd båten eller andre ting i fjæra. Det kan vere greitt å ta runda og sjekke, seier Thorset.

Om det ikkje er nok med kraftig vind, kan det kome så mykje 70–100 millimeter regn i løpet av eitt døgn i Nordland. Vått blir det også i Troms.

– Det kan vere lurt å passe på at vatnet får renne fritt. NVE har sendt gult varsel om flaum og jordskred, minner meteorologen om.

Er budde på hendingar

I Narvik seier beredskapsansvarleg Iris Bartholsen at kriseleiinga er på tå hev. Det har dei vore sidan før helga.

Bartholsen er budd på ras og stengde vegar.

– Dette er eit godt gamalt nordnorsk haustvêr, men vi har nokre fjordar og område som er rasutsette. Difor må vi vere på vakt så lenge vi får slike varsel frå Fylkesmannen, seier ho.

Fare for jordskred – anbefaler kriseberedskap

På grunn av all nedbøren som er kommet, er det gult jordskredvarsel.

I Narvik har de satt i gang kriseberedskap.

Beredskapsansvarlig i Narvik kommune, Iris Bartholsen, har sendt ut varsel til kommunens kriseledelse og bedt dem være på tå hev etter nedbørsvarselet for Narvik siste døgn. Det skriver Fremover.