Hopp til innhold

Oppgraderer til raudt farevarsel for snøskred

Vêrskifte til helga aukar faren for snøskred. No melder NVE om raudt farevarsel i både Nordland, Nord-Trøndelag, Sunnmøre, og store deler av Vestland.

utløyte snøskred Strynefjellet Grasdalen

SKREDFARE: Høgare temperatur aukar skredfaren, ein bør unngå ferdsel i skredterreng.

Foto: NGI

Eit lågtrykk, sokalla atmosfærisk elv, vil treffe Noreg.

For Vestland gjeld det raude farevarselet indre Fjordane, indre Voss og Sogn.

Fleire farevarsel

Frosten som har vore kan gjere at vatnet får problem med å renne vekk. Det er venta å vere både varmast og våtast i Vestland.

NVE har difor sendt gult farevarsel for flaum og jord-, sørpe- og flaumskred for deler av Agder, Rogaland og Vestland. I Nord-Norge er det sendt ut gult farevarsel grunna vindkast opp mot 30–35 m/s. Det kan bety snøfokk og dårleg sikt.

Lokalt kan det kome så mykje som 100 millimeter nedbør på 24 timar.

Feija Stenius, hydrolog ved Flaumvarslinga, seier at dei vurderer situasjonen nøye dei neste dagane.

– Det er ein del uvisse i mengd nedbør og snøgrense. Vi følgjer med i andre område også, men må vente på sikre vêrprognosar før vi tek ei endeleg vurdering.

Markus Eckerstorfer, vaktleiar snøskred fortel at dei oppgraderer farevarselet til faregrad fire, altså raudt varsel, for område både i Nordland og på Vestlandet.

– Skredfaren tar seg opp allereie i morgon. Noko stader får betydeleg faregrad 3, men på laurdag er det faregrad 4.

Men han legg til at det kan vere at varselet blir justert ned dersom vêrprognosane endrar seg.

– Det er ulik skredfare i resten av landet, men høgast skredfare blir rundt Svartisen, Vestlandet, Sunnmøre til Hardanger. Slik ser det ut ifrå vêrprognosane nå, seier vaktleiaren.

Skal du ut med bil, bør du ha kontroll på farevarsla yr på varsom.no.

– Vil trafikken bli påverka av snøskreda denne helga?

– Snøskredvarselet gjeld for heile regionen, men at det førebels er vanskeleg å seie heilt sikkert kvar skreda vil gå og kor store dei vil bli, seier Eckerstorfer.

Bilbergarar bur seg

Steinus kan likevel allereie no si at det vil bli trafikale utfordringar. For mildvêr og regn på allereie islagde eller iskalde vegar.

I Odda er Thord Paulsen, bilbergaren kjend frå «Vinterveiens heltar» på Discovery, budd på hektiske døgn.

Thord Paulsen

Thord Paulsen oppmodar bilistar til å køyre roleg.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg trur det blir veldig glatt, seier Thord Paulsen.

Arild Tistel hos Førde bilberging i Sunnfjord går helga i møte med ekstra beredskap.

– Vi ser føre oss at det vil skyte opp litt underkjølt, og der det allereie er vinterføre vil det bli is til det forsvinn. Då blir det spesielt glatt i alle fall eit døgn eller to, seier han.

Arild Tistel

Bilbergarane ventar meir arbeid framover.

Foto: Jarand Aga Baas / NRK SOGN OG FJORDANE

– Hugs mat og varme klede

Trass iherdig innsats frå entreprenørane, kan det fort gå gale.

– Det nærmar seg jul, folk stressar rundt på julehandel og køyrer kanskje litt fort. Då kan det fort gå gale. No er det berre å køyre forsiktig og ta det med ro, seier Paulsen.

Han rettar ei spesiell oppmoding til dei som skal over fjellovergangane.

– Full tank på bilane, varme klede og mat er kjekt å ha med. Dei med elbil bør lade godt opp. Det er viktig med mykje straum, for dei kan bli ståande og vente lenge, seier han.

Jan Tveiten, Presis veidrift står og arbeider ved riksveg 13 i Odda:
– Det er mykje grøftereinsking, opning av stikkrenner og førebygging med salt. Så det er ein del arbeid.

Jan Tveiten, Presis veidrift, bur gatene i Odda på store nedbørsmengder.

Jan Tveiten, Presis veidrift, bur gatene i Odda på store nedbørsmengder.

Foto: Tale Hauso / NRK

Entreprenøren poengterer at det viktigaste er å få snøen og isen til å smelte, slik at vatnet kan renne.

– Vi har alle vi kan ha ute på vegen i arbeid no. Maskiner og utstyr er klart, så vi er klare.