Har lagt ned mykje pengar og arbeid - møtt med anonym kritikk

Dei aller fleste innbyggjarane i Skjolden er glade for cruiseskipa som kjem til bygda - og opprørde over familien som anonymt klaga på skipa, seier Einar Galde i Skjolden Aktiv.

Turistskip i Skjolden

- EIT FÅTAL ER MISNØGDE: Dei aller fleste i Skjolden synest det er positivet med cruiseskipa, seier Einar Galde.

Foto: Anders Fortun

Han er mellom dei som har arbeidd for å få noko til å skje i den idylliske bygda inst i Lustrafjorden. For halvanna år sidan selde han familiehotellet Skjolden Hotel til Oddvar Røysi, som også har investert i cruisebåtkaia.

– Har snudd ei negativ utvikling

Dei siste åra er det lagt ned mykje pengar og arbeid i cruiseskipskaia og i å få anløp av cruisebåtar i Skjolden. Galde meiner dette har vore med på å snu ei negativ utvikling i bygda.

Difor vart han svært opprørd då ein familie anonymt sa til dagbladet.no at det er forferdeleg å vere i Skjolden når cruiseskipa legg til.

Einar Galde

VELDIG SKUFFA: Einar Galde er opprørd over den anonyne klagen.

Foto: Anders Fortun

– Skodda er eit større problem

– Når vi får dette rett i trynet blir vi veldig skuffa, spesielt vi som har drive med bygdeutvikling. Eg har drive med det i 20 år, og dersom det er dette som er betalinga, så blir eg veldig skuffa, rett og slett.

Han meiner det er eit lite fåtal som er negative til turistskipa, og han har vanskeleg for å forstå at det skal vere noko stort problem.

– Det har vore to anløp på seawalken på tre månader. Eg meiner at skodda er eit større problem for utsynet frå eigedomen til familien enn det cruiseskipa er.

Galde trur at dei som er intervjua anonymt i dagbladet.no er folk med feriehus i Skjolden, ikkje fastbuande.

– Det er dei fastbuande som er mest råka av reguleringsplanen, men ingen av dei protesterte på planen fordi dei såg kva bygda kunne tene på det. Når folk med feriehus protesterer så ser dei ikkje lenger enn sin eigen nase, dei bryr seg ikkje om at Skjolden skal vere ei bygd med folk og liv.

– Turistane har berga butikken

I etterkant av reguleringsplanen har Luster kommune brukt rundt 12 millionar kroner på tiltak i sentrum.

– Det er vi fastbuande svært takksame for. Kommunen har heile tida vore ein god medspelar, seier Galde.

Dei tre organisasjonane Skjolden Bygdalag, Skjolden Aktiv og Idrettslaget Fanaraak har dei siste åra lagt ned mykje arbeid for å skape aktivitet og for å snu ei negativ utvikling.

(Artikkelen held fram under biletet).

Skjolden

UTAN CRUISESKIP: Slik er Skjolden 88 av 90 sommardagar, utan store turistskip.

Foto: Anders Fortun

No er det starta eit folkeaksjeselskap for å få bygd ein ny og meir tidsmessig daglegvareforretning. Det er samla inn rundt 500.000 kroner. Einar Galde meiner den auka turistsatsinga har berga butikken.

– For tre år sidan gjekk Coop-butikken med 250.000 kroner i underskot, og det var fare for nedlegging. Den auka turisttilstrøyminga gjer at forretninga dei to siste åra har gått med overskot.

– Ikkje for eiga vinning

Galde seier at han og dei andre som har stått i spissen for arbeidet med å skape aktivitet i Skjolden ikkje har gjort det for eiga vinning.

– Vi gjer dette for fellesskapet og for å ha ei levande og framtidsretta bygd. Difor er det svært sårande når nokre få let seg intervjue anonymt av dagbladet.no om kor forferdeleg det er å ha turistskipa her.

Galde fortel at han har høyrt om turistar som har avbestilt opphald i Skjolden etter oppslaget i nettavisa og meiner det er tragisk at anonume utsegner skal få slike utslag.