Kranglar om cruisetrafikken

Bygdefolket i Skjolden er ikkje samde om cruisetrafikken er bra eller dårleg for bygda.

Elin Hauge

FREKT: - Andre folk snakkar på vegner av alle i Skjolden er nesten frekt, seier Elin Hauge i bygdelaget.

Foto: privat

- Vi har arbeidd hardt og satsa mykje på at cruisetrafikken skal kome til oss, seier Elin Hauge i SKjolden bygdelag.

Ikkje samde om båtane

Men det er ikkje alle som er like begeistra for dei store turistbåtane i fjorden.

Avisa Dagbladet har snakka med bygdefolk i Skjolden som vil ha båtane vekk. Dei meiner dei sperrar for utsikta til fjorden og at dei tek for mykje plass.

- Det er heilt forderdeleg å vere her, seier ei anonym kjelde til db.no .

Debatten har rasa på nettsidene til avisa etter oppslaget, og det er delte meiningar om utspelet for bygdefolket som ikkje vil stå fram med namn eller bilete i avisa.

Testa ut Seawalk-kai i Skjolden

REAGERER: Bygdelaget i Skjolden reagerer på sambygdingar som vil ha cruisebåtane vekk frå bygda.

Foto: Tage Skjaak Moen

Dei fleste er positive

Men for Haugen er ikkje båtane eit problem. Tvert imot.

- Folk må få ha den meininga dei har, men å uttale seg på vegner av folk i Skjolden er heilt feil. Og på grensa til frekt. Fleirtalet har jo arbeidd for at det skal vere ein auka aktivitet med tanke på cruisetrafikken. Så at enkeltpersonar uttalar seg på vegner av alle blir feil.

Viktig med cruisetrafikk

- Kor viktig er cruisetrafikken for dokke?

- Det kan skape meir aktivitet og det kan resultere i at folk som har vore her vil kome tilbake, det skapar blest om Skjolden som ein fin stad for turistar. Det er bra.

- Er det øydeleggjande at folk seier slikt om turisttrafikken?

- Nei, eg veit ikkje heilt. Men truleg ikkje. Det skapar blest nokre dagar og så er det vel gløymt, seier Haugen.