Hopp til innhold

Cruisebåtane tek utsikta frå folk i Skjolden

– For oss er det nesten heilt forferdeleg å vere her, seier ein anonym innbyggjar i Skjolden til dagbladet.no . – Alle snakkar om det, men ingen gjer noko med det.

Testa ut verdas første flytebryggje for cruiseskip i Skjolden

IRRITERER BYGDEFOLK: Cruiseskipa er ikkje populære blant alle i Skjolden.

Foto: Tage Skjaak Moen

Og det dei snakkar om er cruiseskipa som kjem og legg til nokre hundre meter frå husa deira. I staden for eit fredeleg fjordutsyn ser dei inn i ein koloss av eit skip.

Familien Dagbladet har snakka med vil ikkje stå fram med namn. Dei meiner det er plasseringa av kaia som er problemet.

– Skipa ligg nesten ved strandkanten ved elvemunningen og blokkerer utsynet, samstundes som dei slepp ut kloakk i fiskeelva. Det er ikkje akseptabelt.

Ivar Kvalen

- INGEN HAR KLAGA: Ordførar Ivar Kvalen i Luster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ingen har klaga

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster seier til avisa at det ikkje er nokon som har klaga til kommunen over cruisekaia.

– Men det er alltid nokon som meiner at det øydelegg eigedommen deira, og dei veit vi om. Dersom det er noko som ikkje er gjort etter forskriftene så skal vi sjøvlsagt sjå på det.