Hopp til innhold

Oppdrettarar ser raudt etter at regjeringa seier stopp

Regjeringa går inn for å nekte all vekst i oppdrettsnæringa på store delar av Vestlandet. – Frustrerande og urettferdig, seier oppdrettar.

Nils Tore Karstensen på Batalden

URETTFERDIG: Nils Tore Karstensen i E. Karstensen fiskeoppdrett utanfor Florø tykkjer de ter ille at dei hamnar i raud sone endå ein gong.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi jobbar veldig mykje med luseproblematikken, og har klart å halde eit veldig lågt lusenivå. No blir veksten vår stogga fordi vi liksom har for mykje lus. Det er frustrerande, seier Nils Tore Karstensen i E. Karstensen fiskeoppdrett i Florø.

Regjeringa har i dag annonsert det nye kartet som syner kva slags fiskeoppdrettarar som får lov til å vekse dei neste åra, og kven som må halde att.

Som kartet syner må store delar av Vestlandet halde heilt att på veksten sin, og grunnen er at det er for mykje lakselus i området.

Regjeringa innførte trafikklys-systemet i 2017. Fargane indikerer om oppdrettarar kan få tilbod om økt produksjonskapasitet eller ikkje.

Allereie ved innføringa fekk Karstensen og dei andre i området beskjed om at dei ikkje fekk lov til å vekse.

– Det blir ei kollektiv avstraffing. Nokre oppdrettsanlegg er meir utsette enn andre, og no blir me straffa for dei anlegga i vårt område som ikkje handterer lus like godt som oss.

Nye trafikklys for oppdrettsnæringa 2020

NYTT KART: Som i 2017 har regjeringa avgjort å setja to soner i raudt lys. Dei er begge på Vestlandet. Hardanger og Sunnhordland har fått gult lys, saman med områda frå Andøya til Senja.

Foto: Fiskeridepartementet

– Må ta omsyn til villaksen

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) forklarar det raude lyset på delar av Vestlandet slik:

– Vi har eit stort ansvar for å ta vare på villaksen i Noreg, og omsynet til villaksen er ein viktig del av trafikklyssystemet. For første gong vil vi redusere produksjonskapasiteten i desse områda for at villaksen skal få betre tilhøve, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Medan ni område har fått grønt lys av regjeringa, er det to område som har fått gult lys. Det er områda frå Andøya til Senja og frå Karmøy til Sotra der lakseluspresset blir vurdert som såpass høgt at det ikkje er tilrådd å auka talet på oppdrettsfisk.

– For oss betyr det ei avgrensing. Eg er ikkje overraska, men eg hadde håpa det ikkje skulle bli slik, seier dagleg leiar Fredd-Jarle Wilsgård i Wilsgård Fiskeoppdrett på Torsken i Senja.

– Det har vore utfordringar i både 2017 og 2018 med lakselus og vi blir ramma fordi vi i sum ikkje har vore gode nok. Så kan vi diskutere krava som ligg i ordninga, seier Wilsgård.

Geir Karstensen på oppdrettsanlegget på Batalden

HAR JOBBA MYKJE MOT LUS: E. Karstensen fiskeoppdrett utanfor Florø seier dei har jobba mykje med å overvinna lakselusa.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Burde vore enda strengare

Organisasjonen Norske Lakseelver, næringsorganisasjon for rettshavarar for fiske i vassdrag, meiner departementet burde vore endå meir restriktive.

– Raudlyset i sone 4 og 5 er korrekt, men me er oppgitt over at oppdrettarar i Hardanger slepp nedtak. Det er stikk i strid med av ekspertgruppa si vurdering. No blir det to år til med liding for dei allereie hardt prøva bestandane i Hardanger, seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske Lakseelver.

Sveinung Rotevatn

STORT ANSVAR: Sveinung Rotevatn seier at regjeringa tek ansvaret med å ta vare på villaksen på alvor, og at det er grunnen til at dei no går inn for å stogge veksten i oppdrettsnæringa fleire stader.

Foto: Bård Siem / NRK

– Trafikklysmerkinga er uansvarleg og mangelfull

Torgeir Knag Fylkesnes, næringspolitisk talsperson i SV, kallar ordninga med trafikklysmerking uansvarleg og viser til at systemet utelukkande baserer seg på lakselus som indikator for vekst eller reduksjon i produksjonen.

– Det kjem til å føra til store manglar i forvaltninga av fiskenæringa. Verken forureining, påverknad på havmiljø eller dyrevelferd er teke med i betraktninga, sjølv om Stortinget i mange år har føresett at det må skje, seier Fylkesnes.

Trafikklyssystemet blir revidert annakvart år.