No satsar Laila Gjørsvik Hustuft og veninna Anne Brit Barmen 100.000 kroner og blir dei aller første som opnar bingohall i Sogn og Fjordane, i Måløy. På sikt håpar dei to å kunne utvide til også å tilby spel i Eid og Selje.
Tidlegare har dette vore noko ulike organisasjonar har drive med for å skaffe sårt trengte kroner til lagskassen. Men med godkjenning frå Lotteritilsynet er alt klart for ANS Måløy Bingo.