SKEPTISK: Hallgeir Langeland i SV vil ikkje bruke så mykje pengar på eitt ferjefritt E39.
Foto: Øystein Ellingsen / NRKDer blir modellen privatoffentleg samarbeid, såkalla OPS, skissert.
Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland frå SV har på si side ingen sans for forslaget.
– OPS er ein måte å skyve utgiftene framfor seg. Vi må likevel betale. I tillegg vil ein del av profitten gå til bankar som skal vere med på dette. Difor er i SV i utgangspunktet skeptisk, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Langt over 100 milliardar
Det er i Statens vegvesen sin eigen rapport om ferjefri stamveg mellom Kristiansand og Trondheim, det går fram at samarbeid mellom det offentlege og private aktørar kan vere ein måte å finansiere opprustinga av E 39.
Skal alle ferjestrekningane erstattast med bruer og vegen skal opp til fullgod standard, vil prislappen kome på godt over 100 milliardar koner.
Trur på ideen
POSTITIV: Olav Ellevset i Statens vegvesen likar ideen om at private og det offentlege kan samarbeide.
Foto: Arild Nybø, mediebruket.noProsjektleiar for ferjefri E39, Olav Ellevset, seier eit samarbeid mellom det offentlege og det private kan vere vegen å gå. .
– Det kan vere aktuelt med ei OPS-løysing, for kva vi legg i dette er opp til det private og det offentlege, seier han.
– Så de tenkjer at også private kan vere med på dette?
– Det kan vere mogleg, for vi skissere forskjellige alternativ. Men dei private har jo for så vidt ikkje noko veldig ønskje om å skaffe finansiering. Det er likevel mange andre spennande aspekt knytt opp mot OPS-løysinga.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skeptisk til å bruke så mykje
Offentleg-privat samarbeid, såkalla OPS-samarbeid, går ut på at staten over fleire år betalar private aktørar for å finansiere, bygge samt å vedlikehalde offentlege vegar. Hittil er berre tre vegprosjekt finansiert gjennom OPS.
Langeland har ikkje sans for verken OPS eller storstilt opprusting av E39, der alle ferjestrekningane blir erstatta med bruer.
– VI må spørje oss sjølve om det å investere 100 milliardar i kystvegstamveg er rett bruk av pengar. SV har sagt at vi går for Stad skipstunnel nettopp for å styrkje person- og godstransport på sjø. Blir det bygde ein gigantisk veg til 100 milliardar, vil transporten bli flytta frå sjø til veg. Dette er ikkje godt klimapolitikk.
– Men mykje av E39 på Vestlandet er svært dårleg. Skal vi halde fram med denne elendige vegstandarden.
– Nei, vi skal prioritere å forbetre vegstandarden, men spørsmålet er om vi skal bruke milliardar på nye bruer. No får Sogn og Fjordane elferje i 2015. Det spørst om ikkje det er betre investering enn å byggje gigantiske bruer som skal finansierast ved hjelp av bompengar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: