Hopp til innhold

– Stad skipstunnel må få pengar

Stad skipstunnel bør bli fullfinansiert i Nasjonal Transportplan alt til våren. Det seier stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Svein Gjelseth.

Skisse over Stad skipstunnel.

TRENG PENG: Stad skipstunnel må inn i Nasjonal Transportplan.

Mange hadde håpa og trudd at den raudgrøne regjeringa ville få tunnelen opp som ei eiga sak i Stortinget.

Gjelseth er likvel nøgd med at tunnelen ligg inne med ei startløyving i Nasjonal transportplan som skal opp til våren, og håpar heie potten til tunnelprosjketet kan få plass i planen.

– Stad skipstunnel kjem som sak til Stortinget i Nasjonal Transportplan 2014 – 2023. (NTP 2014-2023) Denne skal endeleg vedtakast i Stortinget i juni 2013. Altså i denne Stortingsperioden, seier Ap-representanten.

Stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap).

TRUR PÅ NTP: Svein Gjelseth (Ap) vonar og trur at Stad skipstunnel kan bli realisert i første perioden av ny nasjonal transportplan.

Foto: NRK

Svein Gjelseth frå Ap er ein stortingsrepresentant som bør vite kva han snakkar om. Gjelseth har jobba tett mot Stad skipstunnel i mange år, og er rekna som ein viktig talsperson for kystinteressene på Nordvestlandet.

I framlegget til statsbudsjett står det at regjeringa vil legge fram saka for Stortinget på ein eigna måte. Han meiner det er kjempeviktig at tunnelen blir fullfinansiert i Nasjonal transportplan.

Gjelseth understrekar at sjølv om ikkje sjølve byggevedtaket kjem før valet neste år, peikar mykje - slik han ser det - i retning realisering av prosjektet.

– Vi må aldri gløyme at Stad skipstunnel allereie ligg inne i dagenes NTP med ei startløyving på 200 mill kr i siste del av planperioden 2014-2019. Dette var startskotet for Stad skipstunnel. No vert det frå alle parti jobba for at tunnelen skal fullfinansierast i NTP 2014-2023 med byggestart i første del av planperioden, noko som betyr tidlegast oppstart i 2014.

– Kjempegod sak

– Eit så stort prosjekt som Stad skipstunnel må først og fremst forankrast i Nasjonal transportplan (NTP) og vere fullfinansiert i den. Det som er viktig no er at ein får tunnelen med i første del av planperioden. Det vil seie frå 2014 til 2019. Det tyder at ein kan starte å byggje Stad skipstunnel i den perioden.

– Men det var jo ei von for ei tid tilbake at ein skulle få det opp som eiga sak i Stortinget?

– Erfaringsmessig så veit vi jo at alle store samferdsleprosjekt tek tid, og at dei bør starte i Nasjonal transportplan og få sin plass der. No må vi få prosjektet inn i sin heilskap, og då har vi som politikarar ei kjempegod sak når vi skal ut i valkampen neste år, meiner Gjelseth.

– Alle store samferdselsprosjekt må få sin plass i NTP og starte der. KS1(kvalitetssikring av prosjektet) viser stor samfunnsnytte. No må dei som står i spissen for dette viktige farleidsprosjektet jobbe målbevist inn mot Stortinget og dei som tilslutt skal gjere vedtak om Nasjonaltransportplan. Greier ein denne jobben vert Stad skipstunnel i realiteten. vedteken i denne Stortingperioden.

– Har tillit

Men for at tunnelen skal bli noko av må den også opp som ei eiga sak i Stortinget, det har endå ikkje skjedd sjølv etter nær 20 utgreiingar.

Ottar Nygård

HAR TRUA: Ordførar i Selje, Ottar Nygård.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ordførar i Selje, og prosjektansvarleg for skipstunnelen, Ottar Nygård, har ikkje berre håpa på plass i NTP, men også at regjeringa ville få opp ei eiga sak i Stortinget.

– Fiskeri- og kystministeren har jo stadfesta fleire gonger at no har dei nok utgreiingar til å kunne fatte ei avgjerd. Den tilliten har eg til dei. Nå dei seier at dei har nok saka godt nok utgreia, så har eg tru på det, seier Nygård.

Djuvik ikkje nøgd

Men opposisjonspartia er ikkje nøgde. Fyrstekandidat til Stortinget frå Frp, Frank Willy Djuvik meiner det er bra om tunnelen rykker lenger fram i Nasjonal transportplan, men for dårleg at ein ikkje får fatta eit endeleg stortingsvedtak.

– Dette har vore ei valkampsak der dei raudgrøne har lova gong på gong. Framleis så har vi altså ikkje klart å få den opp til handsaming i Stortinget. Trass at vi har hatt mange moglegheiter til å gjere det, seier Djuvik.

Han har trass dette stor tru på at det er einskilde i dei raudgrøne partia som er opptekne av skipstunnelen.

– Men eg trur nok dessverre ikkje at regjeringa er på bølgjelengde med dei. Det vil nok tyde at vi må ha ei ny regjering før Stad skipstunnel kjem gjennom Stortinget, sler Frp-leiaren fast.