– Vi byter ut ein sovesofa med to behagelege stolar, seier Lorentz Hjelle.
Hotelldirektøren ved Hjelle Hotel i Oppstryn har bytt ut finskjorta med ein målingsflekkete kjeledress, og er midt i innspurten før opning av hotellet.
– Vi har måla opp att alle romma på motellet, dei har fått nye møblar og nye lampar, fortel Hjelle.
No er målet å bli ferdige til 4. mai. Det blir første dag i ein turistsesong som ser ut til å bli enda betre enn fjoråret, som var eit rekordår.
Ligg føre skjema
FjordNorge sine tal syner at ein hadde 8 prosent fleire gjestedøgn i fjor, samanlikna med 2014. Prognosane tyder på eit nytt gullår, med ein vekst på mellom 5 og 10 prosent.
– Fjordane er den store attraksjonen, og ikkje berre om sommaren. Det ligg enorme moglegheiter for å utvikle heilårs reiseliv og utvide sesongen, seier administrerande direktør i FjordNorge, Kristian Jørgensen.
Tendensen synest å vere den same overalt. NRK sin ringerunde resulterte i ein bråte optimistiske hotelldirektørar på tråden.
– Bookinga er veldig god. Statistikken viser at vi ligg langt føre skjema, seier direktør Ole Henrik Nitter Walaker, ved Walaker Hotel i Solvorn.
– Utsiktene for sesongen er veldig bra, seier hotelldirektør Øivind Wigand, som fortel om ein 14 prosent vekst i høve fjoråret, ved Fretheim Hotel i Flåm.
– Juni, juli og august er nær sagt fullbooka. Mai og september ser ut til å bli betre enn i fjor, opplyser Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel i Balestrand.
Valuta, valuta, valuta
Det vert peika på fleire årsaker til dei gode utsiktene, men ein fellesnemnar går att, nemleg den svake norske krona.
– No er det veldig mykje rimelegare å reise i Norge, for både europearar og amerikanarar. Det har kanskje vore litt for dyrt for dei tidlegare, men no har dei lyst å ta turen hit, seier Nitter Walaker.
- LES OGSÅ: Turistane svikta ikkje, trass dårleg vêr
- LES OGSÅ: Reiselivsselskap trur på nye kystrekordar
I tillegg vert det peika på effektiv marknadsføring av Norge i utlandet, samt at mange nok ser på Norge som ein fredeleg og trygg feriedestinasjon.
Kan utvikle drifta
Fleire hotell melder i tillegg om ei gledeleg utvikling det har vore jobba mot i fleire år; å utvide sommarsesongen.
– I fjor begynte sesongen litt tidlegare og slutta litt seinare. Vi ser den same utviklinga i år, seier hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra i Loen.
Å få sesongen til å strekke seg lengre betyr mykje for hotella.
– Det gjer at vi kan bli ei heilårsverksemd, som kan tilsetje folk på heilårsbasis. Det er veldig gledeleg, seier Wigand.