Hopp til innhold

Opna Romarheimsdalen klokka 1630

E39 i Romarheimsdalen er no opna for trafikk igjen, melder Statens vegvesen. Vegen har vore stengt sidan torsdag i førre veke.

Snøskred E39

OPNA IGJEN: Klokka 1630 blei E39 gjennom Romarheimsdalen opna for trafikk igjen.

Foto: Tim Wassmo

– Skredaktiviteten er redusert, og dei vêrprognosane som no ligg føre gjer at vi no opnar for trafikk, seier seksjonsleiar Gunhild Vangsnes i Statens vegvesen.

E39 er hovudfartsåra mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Den tungt trafikkerte vegen har vore stengd på grunn av ras sidan 1. mars, sett vekk frå nokre timar onsdag 4. mars då vegen var open nokre timar før det gjekk nye snøras.

Geologar har vore på staden også i dag for å følgje med på utviklinga og sjå etter eventuelle nye skred. Dei vurderer situasjonen no som meir stabil.

Gunnhild Vangsnes

Seksjonssjef i Vegvesenet Gunhild Vangsnes

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Vi har ikkje registrert nye skred i vegbana, men generelt er jo stor rasfare i området generelt.

Har talt over 30 skred

Synfaringane som har vore i Romarheimsdalen har vist at det har gått over 30 skred i fjellsida. Dei store nedbørsmengdene dei siste dagane har likevel redusert rasfaren noko.

– Det har jo gått mange ras i området dei dagane vegen har vore stengd. Så no vurderer vi faren for nye ras til å vere så liten at vi kan opne vegen for trafikk igjen. I tillegg så er det meldt betre og meir stabilt vêr framover.

Overraska over så mange ras

– Vi er nok litt overraska. Det har ikkje gått små mykje skred i Romarheimsdalen. Vi har registrert nokre punkt, men det er mange år mellom kvar gong det går eit ras i området. Det er dei enorme snømengdene i år som har gjort det så vanskeleg, og som har ført til alle skreda.

– Men no reknar de det som trygt?

– Det er no ein gong slik at vi kan ikkje garantere 100 prosent i forhold til ras, men etter dei vurderingane vi har gjort no så meiner vi det er trygt.