Hopp til innhold

Ni ras på åtte dagar på E39

Geologane som har vore på synfaring på E39 i dag, konkluderer med at det ikkje er trygt å opne vegen gjennom Romarheimsdalen. På grunn av vêrutsiktene blir ikkje vegen opna før tidlegast tysdag ettermiddag, opplyser vegvesenet.

Skred på E39 ved Romarheimsdalen

NI RAS: – Det ville ikkje vore forsvarleg å opne vegen, seier Gunhild Vangsnes i Statens vegvesen. Måndag klokka 11. 00 skal geolog på nytt gjere vurderingar av rasstaden i Romarheimsdalen.

Foto: Marie Furhovden / NRK

Tidlegare måndag var geologar på helikoptersynfaring i rasområdet.

– Det som skjer no er at geologar og entreprenør skal opp i helikopter klokka 11.00 og skal vurdere rasfaren, sa Gunnhild Vangsnes i Vegvesenet til NRK i føremiddag.

Ni ras på europavegen

Etter det vert det eit internt møte der dei skal vurdere kva som skjer vidare.

– Vi veit at det har gått ni ras sidan vi stengde vegen, men vi veit førebels ikkje noko om korleis det ser ut i området etter helga med all nedbøren som kom då, seier ho.

Vegvesenet har heller ikkje vore lenger inne i området enn til sjølve stengingsområdet.

– Det har ikkje vore forsvarleg å ta seg inn. Rasfaren er svært stor, og difor vel vi no og få oversyn frå helikopter i dag, fortel Vangsnes.

Har vurdert det meste

Gunnhild Vangsnes

VENTAR OG SER: Gunnhild Vangsnes seier dei i Vegvesenet har vurdert alle moglegheiter for å klare å opne europavegen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Vegen, som er den mest trafikkerte vegen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, har vore heilt stengt sidan natt til torsdag. Då kom det nok eit ras.

Måndag for ei veke sidan vart fire personbilar tekne av eit større ras.

I ettertid har fleire teke til orde for at det er uhaldbart å stenge ein europaveg så lenge som åtte dagar.

– Vi har vurdert alle moglege alternativ for å få rydda i rasområdet. Vi har fleire ulike moglegheiter som sprenging, spyling og å bruke vassbomber. Men ingen av desse vil ha nokon effekt i dette området.

Årsaka er at snøen som ligg i rasområdet er tjukk og fuktig. Og sidan det ikkje er svake lag i snøen vil det ikkje skje noko anna etter ei sprenging enn at snøen vert liggande.

– Massane vil ikkje renne ned frå fjellet, og då er vi like langt, seier Vangsnes.

Håpar det rasa meir i helga

Bil med skader etter snøraset i Romarheimsdalen på E39

KNUST: 11 personar vart innesperra i bilane sine etter raset som gjekk førre måndag. Ingen vart alvorleg skadde, men bilane viser tydeleg kva krefter snøen hadde.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

No håpar dei at det har gått mange ras i helga når vegen har vore stengd slik at det meste av massane er vekke.

– Men vi veit ingenting før geologen har vore i helikopteret.

– Kor tid trur de vegen kan bli opna?

– Vi vil komme tilbake til det etter at vi har gjort våre vurderingar i dag.