Hopp til innhold

Ønskjer privat nærsjukehus

Dersom vedtaket om nedlegging av sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø blir ståande, må Flora sjå etter private aktørar til å drive sjukehustilbod. Det seier høgreleiar Berit Seljeseth Osa.

Florø nærsjukehus
Foto: NRK

- Den tanken er ikkje fjern i det heile tatt. Det viktigaste for oss er at vi kan klare å ha aktivitet i dei bygga vi har i Florø i dag. Og viss ikkje Helse Førde og det offentlege helsevesenet ser nytten av å ha noko i Florø vil vi jobbe med andre alternativ, seier ho.

Ikkje ein ny tanke

Det er ikkje første gongen det blir tenkt privat drift av sjukehus i Florø. Då Helse Førde i 2003 reduserte aktiviteten i Florø radikalt, og før nærsjukehuset var bestemt, melde det danske selskapet Transmedica interesse for å drive eit privat lokalsjukehus i Florø med kirurgi som spesialitet. Men så kom pålegget om å lage pilotprosjektet med Nærsjukehus i offentleg regi, og dermed stranda diskusjonen mellom Transmedica og Helse Vest.

Seinare på året i 2003 gjekk ryggspesialisten Jan Roar Orlin og røntgenlegen Janus Kaljusto, begge tilsette i Helse Førde, ut og melde interesse for å starte ein privat klinikk for ryggoperasjonar i Florø. Klinikken skulle ha kring 20 tilsette. Dette vart heller ikkje noko av.

- Helsekøane veks

Berit Seljeseth Osa

Berit Seljeseth Osa

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Og dersom nærsjukehuset no ramlar, slik florafolk fryktar, er Seljeseth Osa klar til å jobbe for å få nye aktørar.

- Det viktigaste for oss er å ha aktivitet, og ha eit tilbod til innbyggjarane både i kommunen og resten av fylket.

- Helsekøane veks igjen fordi at private alternativ har vorte nedprioritert av den raudgrøne regjeringa, seier ho.

Men høgreleiaren vil ikkje gi nokon kommentar på spørsmål om ho alt er i gang med jobben for å få nye aktørar.

- Ikkje hjelp frå Helse Førde

Tanken om private aktørar som tar over og bygger opp nye tilbod i Florø er heller ikkje framand tanke for kommunelege og leiar i Flora Arbeidarparti, Jan Helge Dale.

- Vi får ikkje utvikla noko nærsjukehus med hjelp i frå Helse Førde. Slik sett er alle alternativ interessante.

- Ved privat drift er det Helse Førde og Helse Vest som er kundar. Og så lenge vi får til ein avtale med dei, trur eg vi kan utvikle nærsjukehuskonseptet vidare med andre i sjefsstolen på prosjektutviklinga, seier han.