Hopp til innhold

30 dødsfall i Norge - ønskjer ikkje forbod mot basehopp

30 personar har mista livet i basehoppulykker i Norge på like mange år. No ønskjer folk i Gudvangen eit forbod mot basehopping, men det er ikkje alle samde i.

Basehopp ved Gudvangen

POPULÆRT OMRRÅDE: Gudvangen er eit ynda område for mange basehopparar. Arkivfoto.

Foto: Olav Standal Tangen

I helga skjedde den andre dødsulykka i Gudvangen i Aurland berre i sommar.

Ein stor redningsaksjon vart iverksett søndag ettermiddag då ein basehoppar vart meld sakna i området ved Fetanipa. Nokre timar seinare vart mannen lokalisert i fjellet og henta ned. Basehopparen vart då stadfesta omkomen.

Men Margunn Hylland som bur i Nærøydalen ved Gudvangen ønskjer slutt på hoppinga.

– Eg veit ikkje om dei respekterer eit forbod, men eg hadde ønskja det, seier ho.

Trur ikkje på forbod

Leiar for Ekstremsportveko, Sofie Torlei Olsen, trur ikkje forbod er vegen å gå.

– Eg trur ikkje at eit forbod vil hindre basehopparane frå å hoppe. Vi ønskjer ikkje eit forbod, men heller tryggare rammer og betre informasjon rundt tryggleiken.

Ulukka i helga er den andre dødsulukka knytt til basehopping i Aurland på berre litt over ein månad. 21. juli omkom ein mann i 20-åra etter ei ulukke ved Skjerpi.

Margunn Hylland i Aurland tykkjer det som har skjedd er forferdeleg.

–Dette er ein unødvendig aktivitet som medfører ei belastning for lokalbefolkninga, seier ho.

Hoppar sjølv med forbod

Luftambulansen i Gudvangen i samband med søk etter sakna basehoppar

SØK: Både luftambulansen og eit redningshelikopter vart sende til Aurland i samband med redningsaksjonen.

Foto: Per Steinar Hylland

I dag er det berre i Trollveggen i Rauma kommune at det er forbod mot basehopping. Det vart innført i 1984 etter fleire ulykker og stor fare for mannskapa under redningsaksjonar.

Ein erfaren basehoppar som ikkje ønskjer å la seg intervjue, seier forbodet ikkje fungerer. Folk hoppar svært mykje i dei omkringliggande toppane, og folk hoppar også i området der det er forbode.

Har ikkje avgjort noko

Det trur Sofie Torlei Olsen også vil skje i Gudvangen. Ho seier områda dei to dødsulykkene har skjedd, i er viktige for Ekstremsportveko.

– Det er eit utruleg fint område og populært blant utøvarane. Dei ønskjer å hoppe her fordi det er nær Voss, seier ho.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, seier dei ikkje har avgjort kva dei skal gjere.

– Vi skal no få ei rapport om denne ulukka og setje den i samanheng med den første ulukka. Deretter får vi sjå om det skal gjerast tiltak frå kommunen si side.

Store ressursar er sett inn i søket etter ein sakna basehoppar i fjellet ved Fetanipa i Gudvangen.

SØKTE I FJELLET: Både luftambulansen og eit redningshelikopter vart sende til Gudvangen for å delta i søket.