Hopp til innhold

Olsson nøgd med Karadas-debut

Azar Karadas (31) spelte sin første kamp på norsk jord på over tre år. Det enda i 1-1, gult kort, poengdeling og ein delvis nøgd nordfjording.

Azar Karadas (t.h.) ser Per Egil Flo kontrollere ballen.

KONTROLL: Azar Karadas (t.h.), Per Egil Flo og resten av Sogndal-laget hadde lenge god kontroll på gjestene frå Drammen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Midtstopparen vart henta inn for resten av sesongen for å fylle Sogndal-forsvaret med musklar, guts og kampvilje.

I tospann med Hannu Patronen tykte han det gjekk greitt mot serieleiar Strømsgodset. På tribunen sat 3.745 tilskodarar-

– I periodar tykte eg det gjekk veldig bra, men eg har hatt fri ein periode og det er lenge sidan eg har spelt kamp. Så eg har framleis litt å gå på, seier Azar Karadas etter kampen.

Valsvik på benken

Trenar Jonas Olsson er nøgd med det han har sett av nordfjordingen denne veka. Faktisk så nøgd at han sette 19-årige Gustav Valsvik på benken for å gje nordfjordingen debuten mot drammensklubben.

Valsvik sin kontrakt med Sogndal går ut etter sesongen.

– Slik er det. Dei har henta ein ny spelar, som dei meiner er betre enn meg. Eg føler eg har gjort det bra heile sesongen og sjølvsagt skuffa over å bli benka, seier Valsvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Peter Aase

DEBUTANT: Peter Aase fekk sine første minutt i eliteserien etter overgangen frå Florø.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nøgd Olsson

– Eg er veldig nøgd med Azar i dag. Han skaper ro og tryggleik der bak. Det er første kampen hans. Han får ein smell siste kvarteret, men står distansen og gjer det godt, seier Olsson.

Etter at han vart frigjeven av tyrkiske Kasimpasa, har Karadas trena med Brann. Han takka nei til fleire klubbar for å trekkje den kvite og svarte Sogndal-trøya over hovudet.

To debutantar

Signaturen han sette på kontrakten med Sogndal har skapt høge forventingar hos supporterane. Mot Strømsgodset viste han solid duellspel, men også at det har vore så som så med kamptrening siste månadene. Poengdelinga på eige kunstgras stogga tapsrekkja på fire strake kampar.

Også Peter Aase fekk sin eliteseriedebut mot Strømsgodset. Han kom inn for Malick Mane i sluttminutta.

– Det var ei god oppleving og vi tek med oss eit sterkt poeng etter å ha ligge under. Eg tykkjer vi er veldig gode i periodar, meiner Karadas.

– Sterkt poeng

I første omgang var Sogndal det førande laget, og både kunne og burde gått til pause med leiing.

Muhamed Keita sette fyr på dei tilreisande supporterane då han scora frå skrått hald etter 74 minuttar. Minuttet seinare utlikna Ricardo Santos for Sogndal.

– Eg tykte vi var veldig gode i første omgang. I andre omgang var det jamnare, men 1–1 er kanskje eit greitt resultat, seier Karadas.

– Vi tek eit sterkt poeng mot Strømsgodset, eitt av Norges beste lag. Vi ligg under, men kjem att og det viser kva potensial som ligg i laget, avsluttar Karadas.