Hopp til innhold

Ola (81) lærer barnebarna korleis dei bruker hest i skogen

LEIVDALEN (NRK): – Hest er betre enn hogstmaskiner, meiner Ola Alsaker (81). I Oslo bruker Bymiljøetaten framleis hest i hogstarbeidet.

Det er kjekt at det ikkje går i gløymebokja, seier Ola Alsaker, medan han festar tømmer på «styttingen», som kan minne om ein liten slede.

PASSAR BRA I SKOGEN: Ola Alsaker tykkjer hesten fungerer like bra som ein traktor til skogsarbeidet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er kjekt at det ikkje går i gløymeboka, seier Ola Alsaker, medan han monterer «styttingen», som kan minne om ein slede.

Her i Leivdalen har han henta ut tømmer gjennom et heilt liv, og no skal barnebarna lære det same.

Men det er ikkje sentimentale grunnar til at han held tradisjonane ved like, poengterer han.

– Mange tenker at hest er det same som å gå tilbake til tigersvans (lang handsag, jou.anm) og øks, men slik er det ikkje, seier han, og listar opp fleire grunnar til at hest kan ha fortrinn visavis moderne hogstmaskiner.

Det handlar om at dei kjem til der maskinene må melde pass. At dei er meir skånsame mot underlaget og det biologiske mangfaldet. Og til sist at dei er billigare i drift.

– Dessutan toler dei godt å vere ute i kulden. Og dei slepp ikkje ut diesel.

Frå femtitalet har hesten gradvis blitt erstatta av traktorar og hogstmaskinar, men eit knippe eldsjeler held fast ved dei gamle metodane.

– Ved enkelte oppdrag er transporten og riggekostnadane så store at det lønner seg å bruke hest, seier Åge Øibakken, styreleiar i Norske hestesenter.

I juli var han med då Foreningen Arbeidshesten og Glåmdal Dølahestlag arrangerte NM i skogshestkøyring.

I Oslo har Bymiljøetaten brukt hest i skogen dei siste 20 åra.

– Men mest i forbindelse med pedagogiske opplegg for skoleklasser, seier Frank Thomassen, driftsleiar for skog og friluft i Oslo kommune.

Neste prosjekt er tynningshogst i Godbekken verneområde i Nordmarka.

– Til utkøyringa kan det godt hende at vi bruker hest, seier Thomassen.

Også i nabokommunen Asker hender det at hestar blir påkalla.

– Om skogbotnen er fuktig og det er fare for køyreskadar, då er hesten eit brukbart alternativ, seier Petter Høistad, som er skog- og viltansvarleg i kommunen.

Tor Anders Syversen driver et stort trepleiefirma i Oslo, og kjører ut en del trær fra tomter og spesialhogster.

NORDMARKA: Tor Anders Syversen driv trepleiefirma i Oslo, og køyrer tre frå tomter og spesialhogst.

Foto: Frank Thomassen

Driv med hest på heiltid

På Flisa i Hedmark bur Dag Tore Syversen. Han har køyrt tømmer med hest i 40 år, og er ifølgje avisa Nationen «den einaste i landet som driv skogsarbeid med hest på heiltid».

– Hesten er ein triveleg arbeidskamerat. Den bryr seg ingenting om at terrenget er bratt. Den tar seg fram over alt, seier han.

SSB har ingen statistikk over kor mange som framleis driv på «gamlemåten».

NRK har tidlegare skrive om Svein Erik Hafstad, som på eit islagt vatn i Gaular har spent broddar på premiehingsten for å få jobben gjort.

– Det blir nett som å køyre ein bil eller ein traktor. Berre at det er nesten heilt stille. Det er berre bjella du høyrer, seier han.

Dag Tore Syversen fra Flisa har kjørt tømmer med hest i 40 år

PÅ HEILTID: Dag Tore Syversen har køyrt tømmer med hest i 40 år, og er ifylgje avisa Nationen «den einaste i landet som driv skogsarbeid med hest på heiltid».

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Hest kan ha sine fortrinn

Bjørn Håvard Evjen er divisjonsleiar for skog og utmarksforsking i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

– Hest kan ha sine fortrinn, under spesielle føresetnader, seier han.

Han meiner hestane er eit «godt supplement» i det norske skogbruket, men presiserer at det er hogstmaskiner og lasteberar «som må vere drivarane».

– Skal vi hogge alt med hest, vil konkurranseevna vår få utfordringar.

Årleg blir det hogd mellom 10–12 millionar kubikkmeter tømmer i Noreg.

Dag Skjølaas i Noregs skogeigarforbund peiker på det same. Hesten har eit fortrinn under gitte omstende, men unntaka er mange.

– Hesten kan fungere godt i bratte lier der det er et utbygd nett av hestevegar. Men blir det motkøyring, så blir det tungt å vere hest.

Amund Johnsrud er rådgjevar i Noregs Bondelag.

– Det vesentlege for hestar som blir brukt i skogbruket er at de har god trekkraft og er stødige i terrenget, og at dei har eit lynne som passar til arbeidet, seier han.

Boka «Praktisk bruk av hest i skogen», av Bjørn Toverud, kom ut på nytt i 2019.

Fjordhesten til Svein Erik Hafstad på isen

HEILT STILLE: – Det blir nett som å køyre ein bil eller ein traktor. Berre at det er nesten heilt stille. Det er berre bjølla du høyrer, seier Svein Erik Hafstad.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Dette er idealistar

Det er Landbruksdirektoratet som har hovudansvaret for å administrere tilskotsordningane i skogbruket.

Ein av postane dei disponerer er «taubane og hest», som i 2014 fekk 22 millionar. Det var toppen. Sidan har beløpet blitt halvert.

I 2020 var talet 14 millionar, og det «aller meste» går til taubane.

– Dei siste åra er det svært få saker som gjeld hest, seier Christian Rekkedal, som er landbruksdirektør hos Statsforvalteren.

Per Odd Rygg er rådgjevar ved Landbruksdirektoratet i Steinkjer.

– Vi snakkar om ein til to søknader i året, seier han.

Han legg til at det kan vere ein del aktivitet som ikkje blir fanga opp av støtteordningane.

– Dei som driv med dette er jo idealistar.

Tømmerkjøring med hest i Meråkerskogene.

STØDIGE: – Det vesentlege for hestar som blir brukt i skogbruket er at de har god trekkraft og er stødige i terrenget, og at dei har eit lynne som passar til arbeidet, seier Amund Johnsrud i Noregs Bondelag.

– Dette er levande kulturarv

– Hesten er den same som han var for tusen år sidan, seier Magni Hjertenes Flyum.

Ho er dagleg leiar Norsk Fjordhestsenter, og meiner arven med hestearbeid er verdt å ta vare på «sjølv om det no er meir effektivt med større maskinar».

– Før traktoren kom var fjordhesten heilt uunnverleg i skogsarbeidet. Dette er levande kulturarv, og han må vi ta vare på.

Ola (81) lærer barnebarna å bruke hest i skogen.

SJÅ VIDEO: Ola (81) lærer barnebarna å bruke hest i skogen.