Hopp til innhold

Oljefunn reddar arbeidsplassar

Statoil fann i dag olje til store verdiar ved Gullfaks-feltet i Nordsjøen. Det sikrar arbeidsplassar på anlegget i lang tid framover.

Soloppgang med Gullfaks C i horisonten

LYSARE TIDER FOR GULLFAKS-FELTET: Det nye oljefunnet gjer at det vert høgare aktivitet i lang tid framover på Gullfaks-feltet i Nordsjøen.

Foto: Ottar Senneset

– Oljefunnet i dag gjer at vi no vil ha ein høgare aktivitet ved Gullfaks-feltet, både på sjø og på land, i lenger tid enn vi såg for oss.

Det fortel pressetalsmann for norsk sokkel i Statoil, Ola Anders Skauby.

– Dette er veldig positivt for kontoret vårt på Sandsli i Bergen, legg han til.

Tidlegare i dag vart det kjent at Statoil og partnaren Petoro fann store mengder olje på Gullfaks-feltet, som ligg i Tampen-området i Nordsjøen utanfor Bergen.

– Funnet har høg verdi

Førebelse anslag syner at dei nye ressursane som er funne er på mellom 40–150 millionar fat olje.

– Det er vanskeleg å verdsetje, men det er betydelege verdiar, kommenterer Skauby.

Han fortel at Statoil hadde sett for seg produksjon fram til 2030 på Gullfaks-feltet før dagens funn.

– Men det var med mindre og mindre aktivitet dess nærare ein kom 2030. No ser vi at vi kan halde opp eit høgt aktivitetsnivå i ein lenger periode. Og vi kan også produsere lenger enn til 2030.

Slepp å seie opp folk

Skauby meiner det er vanskeleg å seie kor mange som no er sikra arbeid i lang tid framover.

– Men, om me ikkje hadde gjort dette funnet ville me hatt behov for færre og færre når det nærma seg 2030.

– No vil vi ha behov for folk i lenger tid, og det er definitivt positivt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Informasjonssjef i Statoil Ola Anders Skauby

SLEPP Å SEIE OPP FOLK: – Oljefunnet sikrar arbeidsplassar, fortel pressetalsmann i Statoil, Ola Anders Skauby.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Kan nytte eksisterande plattformer

Statoil har gjort oljefunnet over det eksisterande oljereservatet.

Det betyr at dei kan vinna ut oljen med anlegga som allereie er der.

– Vi har plattformane som står der, og vi har også sett i gang produksjon frå ein brønn som ein test. Då bora vi gjennom ein eksisterande bane, forklarar Skauby.

Med lave kostnader knytt til produksjonsstart, betyr det høg inntening.

– Det er veldig høg verdi i desse fata vi kan produsere.

Gullfaks A
Foto: Grafikk: NRK