Hopp til innhold

Nye Yr leverer rykande ferske vêrmeldingar til alle – også dei som ikkje har syn

1. desember blir yr.no lansert i ny drakt, med eit drøss nye eigenskapar.

Nye yr.no

SLIK BLIR DET: Dette møter deg når du går inn på yr.no. Det nye nedbørsvarslet er basert på radarbilete, og viser vêret 90 minutt fram i tid.

Foto: Skjermdump

No er Yr-sidene slik vi kjenner dei pensjonerte. Ei av dei store, og viktige, endringane er universell utforming. I praksis betyr det at alle skal kunne bruke sidene – også dei som har nedsette funksjonsevner.

– Yr skal vere for alle! Og då meiner vil alle. Sjølv om ein er avhengig av hjelpemiddel som skjermlesar, så skal Yr fungere også for deg. Det klarer vi på dei nye nettsidene våre, seier Anette Svee Wilberg, teamleiar for Yr.

Kristoffer Lium er praktisk blind, og jobbar med universell utforming i NRK. Han har vore sentral i arbeidet med dei nye sidene.

– Folk er ulike, men alle skal ha lik tilgang på informasjon om vêret. Det er mykje av grunnen til at vi no har laga nye sider, seier han.

Gamle yr

FØR: Dette synet blir no pensjonert.

Foto: Skjermdump / Julianne Flølo

Lik informasjon for alle

Medan dei fleste ser og høyrer alt som skjer på internett, må eksempelvis syns- og høyrselshemma bruke spesielt tilpassa verktøy.

Lium fortel at det ikkje berre har vore ein ting å tenke på i arbeidet med dei nye sidene.

– Nokre synest det er vanskeleg å sjå kva som står på skjermen fordi kontrasten er dårleg, medan andre ikkje ser skjermen i det heile tatt. Nokre kan oppleve kart som vanskeleg å forstå, mens andre har utfordringar med å bruke musepeikaren eller å lese og forstå tal, forklarar han.

NRKs UU-ekspert Kristoffer Lium

EIGEN EKSPERT: Kristoffer Lium er praktisk blind, og jobbar med universell utforming i NRK. Han har vore sentral i arbeidet med dei nye sidene.

Målet har vore å lage ein nettstad for alle.

– Sjølv om eg har bidrege med spisskompetansen min på universell utforming, så har målretta arbeid internt vore avgjerande for at vi kan lansere nye yr.no, seier han.

NRK-kantina med et filter som gjør at man så vidt kan skimte taklys og konturene av mennesker

BLIND: Kristoffer Lium er praktisk blind, og beskriv at det er slik som dette han ser. Yr sine nye side skal vere enklare å forstå for dei som er blinde eller svaksynte.

Foto: Christine Rehn Jensen

Alltid oppdatert vêr

Med lanseringa av dei nye sidene følgjer også ei rekke andre oppdateringar.

  • Eit nytt og moderne design som tilpassar seg alle skjermar.
  • Alltid heilt oppdatert informasjon om temperatur, skydekke, vind og nedbør for staden du har søkt på.
  • Skydekke-symbol og nedbørsinformasjon blir oppdatert kvart 5. minutt og er rykande ferskt til ei kvar tid.
  • Tilleggsinformasjon om luftkvalitet, pollen, UV-varsel og badetemperaturar.
  • Vesentleg oppgradering av sida som viser vær for fjellovergangar.
  • Ny oversiktsside for farevarslar
Fjellovergangarl, nye yr

OVERGANGAR: Informasjon om dei mange fjellovergangane i Noreg er betydeleg oppgradert.

Foto: Skjermdump

Samstundes er også fleire funksjonar fjerna på vegen mot nye sider. Det gjeld tekstvarslar, meteorologen sitt vêrkart (analyse- og prognosekart) og satellittbilde.

Dette vil få plass på ei eiga side som er under utvikling av Meteorologisk institutt.