Hopp til innhold

Nye skilt skal få ned talet på hjortepåkøyrsler

Kvart år kolliderer nesten 1000 hjort med bilar. Nye, digitaliserte skilt skal få ned dødstala.

Kvart år kolliderer nesten 1000 hjort med bilar. No er håpet at digitaliserte hjorteskilt kan gjere noko med statistikken.

I BLINKEN: «Dynamiske hjorteskilt» byrjar å blenkje når hjortefaren statistisk sett er størst.

Foto: Roger Oldeide / Fjordingen

– Alle gongene eg har køyrd på hjort har dei kome frå ingenting og hoppa rett ut i vegen, seier Sigurd Årskaug frå Viksdalen.

Den tidlegare yrkessjåføren har kollidert med hjort tre gonger, både med lastebil og personbil.

Då han trefte med lastebil, var det lite som var att av dyret.

– Refleksen er å bremse ned, men den gongen hoppa han to-tre meter opp over autovernet, og var ikkje nede på vegen att før han trefte fronten.

I 2019/2020 var det 918 hjort-påkøyrsler. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Nesten 400 av kollisjonane var i Vestland fylke.

Bukk teke av ettersøksjegar

BUKK I SUNNFJORD: I 2019/2020 var det 918 hjort-påkøyrsler. Nesten 400 av kollisjonane var i Vestland fylke.

Foto: Rudi Sønnervik

– Vanlege skilt har null effekt

– Vanlege viltskilt har null effekt, seier Magnus Frøyen ved Norsk Hjortesenter.

Han viser til ein slags sløvingseffekt over tid:

– Førarane ensar dei nesten ikkje lenger.

Sidan 2017 har han vore prosjektleiar for eit forsøk med «dynamiske hjorteskilt» i Sogn og Fjordane.

Skilta har lys som byrjar å blenkje når hjortefaren statistisk sett er størst. Dei nye skilta skal evaluerast denne våren.

Plassering av dynamiske hjorteskilt i Sogn og Fjordane

DYNAMISKE SKILT: Her er dei nye skilta plassert. Nesten halvparten av hjortepåkøyrsler skjer i Vestland fylke.

Illustrasjon: Norsk Hjortesenter

– Risikerer at folk ignorerer skilta

Henrik Wildenschild er fagkontakt for viltpåkøyrsler i Statens vegvesen. Han er klar på at dei nye skilta ikkje løyser alt.

For det fyrste er norske vintrar tøff mot teknologien. For det andre er det ikkje slik at statistikk alltid er den beste peikepinnen på når hjortefaren faktisk er størst.

Wildenschild viser til eit liknande prosjekt i Nord-Noreg der systemet trefte betre når viltnemnda sjølv slo på varslingane.

– Når vi varslar på grunn av statistikk, og folk ikkje ser dyr, risikerer vi at folk ignorerer dei på same måte som vanlege viltskilt, seier han.

Han legg til at det uansett er avgrensa kor stor innverknad tiltak langs vegen har når talet på viltdyr fortset å gå opp.

– Det er naturleg at det blir fleire påkøyrsler i område med meir hjort, seier Terje Olav Rundtom, rådgjevar i seksjon for primærnæring ved Statistisk sentralbyrå.

Dynamisk hjorteskilt på riksveg 5 ved Brandsøy før Florø.

BLENKJANDE SKILT: Datastyrte skilt er mindre inngripande i naturen enn andre tiltak.

Foto: Magnus Frøyen

– Eksplosjonsveksten gir tynne dyr

Tal frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) viser at norske kommunar ikkje greier å felle nok hjort og elg.

Resultatet er hjortebestandar så store at det har gått utover både folk og hjorten sjølv, som er skrinn og underernært.

– Resultatet av eksplosjonsveksten er tynne dyr, sa Atle Mysterud, professor i biovitskap, til NRK i april.

I Bremanger oppfordra kommunen «pensjonistar, hundeeigarar og born» til å jage vekk hjorten frå tettstaden Kalvåg «slik at han lærer».

Ho seier det er fleire tiltak som kan nyttast for å avgrense påkøyrsler. I tillegg til nye og tradisjonelle skilt handlar det om å kutte ned vekstar langs vegen for å få betre sikt, og viltgjerde.

LES OGSÅ: Aldri har det vore skote meir hjortevilt i Noreg, men lite av kjøtet dukkar opp i butikkane.

Påkøyrsle av hjort

2019/2020

2018/2019

2017/2018

2016/2017

2015/2016

Heile landet

918

970

1161

832

609

Vestland

398

453

583

370

256

OPP OG NED: Vestland har den største andelen med påkøyrsle av hjort i landet. Statistikk frå dei siste fem åra. Kjelde: SSB

Daud hjortebukk med tunga stikkande ut

KAN BLI MYKJE LIDING: Denne bukken vart funnen etter to timar med ettersøk i Høyanger.

Foto: Privat