Hopp til innhold

Fraktar nye Fløibane-vogner på plass: – Me snakkar centimetermarginar

Ein ny versjon av byens største turistattraksjon snirklar seg forsiktig gjennom tronge bergensgater. Målet er å få han på skjener igjen.

Presisjonstransport av nye Fløibane-vogner

C-MOMENT: Kranbilselskapet har kontrollmålt tallause gonger på førehand før dei i dag endeleg lirka Fløibane-vogna gjennom Bergens gater.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

I over hundre år har Fløibanen frakta både bergensarar og tilreisande opp og ned byfjellet med utsikt over byen, fjorden og fjella.

No skal Bergens største turistattraksjon bli ny.

FØLG DEN NYE FLØIBANEN «HEIM»

Banen stengde for renovering i september. Tysdag er det alt klart for å frakta den første av dei nye vognene på plass.

Ho er raud og fin under presenningen. 20 tonn tung og 16,5 meter lang.

Med cirka halvannan brusteins margin kryp kranlastebilen sakte oppover dei tronge bergensgatene. Målet er Fjellveien stasjon.

– Pust roleg

Heile to sjåførar frå Crane Norway må til. Frå førarhuset manøvrerer Aleksander Øie seg roleg framover.

Bak kjem Bjarte Tvedt. Han styrer tilhengaren.

– Det er trongt. Me snakkar centimetermarginar, konstaterer Øie nøkternt.

Aleksander Øye i Crane Norway

PRESISJON: Kranbilsjåfør Aleksander Øie lirkar bilen og Fløibane-vogna gjennom bergensgatene.

Foto: NRK

Tvedt forklarer at med så tronge kår, må ein ta ein del forholdsreglar. Både utstyret og løypa er nøye valt ut.

Kommunikasjonen mellom dei er heilt sentral. Det viktigaste er å pusta roleg og ikkje bli stressa.

– Det er berre å ta det med knusande ro og høyra på han, seier Øie stoisk og viser til tilhengjarsjåfør Tvedt.

Det har samla seg mange tilskodarar. Ei av dei er Anita Nybø, administrerande direktør for Fløibanen AS.

– Dette er veldig spennande, nesten litt emosjonelt, seier ho.

Anita Nybø, Fløibanen AS

RØRT: – Utruleg mange gler seg til at me skal opna att, seier Anita Nybø i Fløibanen AS.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Saakte, saaakte

Marknadssjef i Crane Norway, Tommie Kristoffersen, er også på plass for å få med seg den spektakulære transporten.

– Me har førebudd oss godt. Me har kontrollert og kontrollert og kontrollert på førehand. Det har vore litt klump i magen.

C-momentet er «Balaklavasvingen» ved Støletorget. Her møtes tre gater, og det er svært trongt rundt hushjørna.

– Me var her siste gong klokka 21 i går for å kontrollmåla endå ein gong. For å vera hundre prosent sikre på at det me har tenkt fungerer. Det er snakk om centimeter, seier Kristoffersen.

Transport av nye Fløibane-vogner

Ut frå Bergen havn

Transport av nye Fløibane-vogner

Rundt Dr. Wiesener

Transport av nye Fløibane-vogner

Gjennom «Balaklavasvingen» ved Støletorget

Transport av nye Fløibane-vogner

Framleis i «Balaklavasvingen», oppkalt etter eit vertshus på 1800-talet

Transport av nye Fløibane-vogner

Ja, det går sakte framover i «Balaklavasvingen»

Transport av nye Fløibane-vogner

Oppover Henrik Wergelands gate

Transport av nye Fløibane-vogner

Framme ved Fjellveien stasjon

Presisjonstransport av nye Fløibane-vogner

Blir heist på plass på skinnene

Saakte, saaakte, lirkar køyretøyet seg gjennom nålauga.

– Me klarte Støletorget på første forsøk! konstaterer marknadssjefen nøgd.

Noko å fortelja barna sine

Så finn han sjølvtilliten att.

– Når du kan det, er det lett. Det var ikkje så vanskeleg.

No kryp følget vidare opp gjennom kvartala, mellom små kvite trehus med raude tak.

Vel oppe ved Fjellveien stasjon står att berre å heisa vogna på plass, ned på skjenene.

fløibane
Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Det gjekk heilt fint, seier Øie etterpå.

Den raude vogna er på sporet.

– Veldig kjekt å få gjort dette, seier Kristoffersen.

Han kjenner seg litt historisk der han står.

– Me bergensarar er veldig stolte av Fløibanen. Det er stort. No kan eg fortelja ungane mine at dette har pappa vore med på.

Det tok ein arbeidsdag å frakta ei slik vogn på plass. I morgon er det den blå vogna sin tur.

– Då er det berre å kopiera dagens suksess. Me skal feira når begge vognene er trygt på sporet, seier Øie.

Fløibanen arkivfoto

OPP OG NED SIDAN 1918: Før koronaen hadde Fløibanen 2 millionar passasjerar i året.

Foto: NRK

Opnar 1. april. Heilt sant.

Allereie i 1895 drøymde bergensar og stortingsmann John Lund om eit transportmiddel til Fløyen. Men først i 1912 blei A/S Fløibanen stifta. I 1914 kom arbeidet i gang.

Første verdskrig gjorde at bygginga tok lenger tid enn planlagt, men 15. januar 1918 blei den nye banen endeleg opna.

Fløibanen pusses opp 2022

RENOVERING: Også stasjonane blir pussa opp til nyopninga 1. april.

Foto: NRK

Fløibane-vognene har blitt skifta fleire gonger. Dette er femte generasjons Fløibanen. Utskiftinga kostar 170 millionar kroner.

Dei to nye vognene er 4,5 meter lengre, får plass til 120 passasjerar kvar og blir universelt utforma for både rullestol og barnevogn.

21. februar startar testkøyring. Dei nye vognene opnar for publikum 1. april.

– Det står att ein del, men det skal gå, seier Nybø.

I framtida kan Fløibanen bli førarlaus. Alt av maskineri og stasjonar blir laga slik at føraren om nokre år kan sitja i maskinrommet på toppen av Fløyen.