Laurdag ettermiddag fekk NRK e-postar frå fleire personar med tips om at Lærdal hadde tatt over plassen med høgste målte temperatur.
På yr.no kunne ein nemleg sjå at det kl. 20.00 i går kveld vart målt 33,4 grader i Lærdalsøyri.
Den førre rekorden i Sogn og Fjordane var målt til 33,3 grader i Fortun i Luster.
– Ja, det er riktig at det blei sat ny varmerekord i Sogn og Fjordane, seier vakthavande meteorolog Hanne Beate Skattør ved Meteorologisk institutt.
Dermed har Lærdal den 27. juli 2018 tatt leiinga som plassen med høgste målte temperatur i Sogn og Fjordane. Rekorden er på 33,4 grader.
SOMMARDAG: Årets varmaste dag i Norge blei også den varmaste dagen som er målt i Sogn og Fjordane sidan 1933. Biletet er frå stranda ved Lærdalsfjorden.
Foto: Jan Christian Jerving