Hopp til innhold

Nærare 30 grader fleire stader i fylket

Fleire stader er det i dag melding om at gradestokken skal nå 30-talet. Då er det ekstra freistande å ta seg eit bad.

Refviksanden

REFVIKSANDEN: Slik såg det ut på Refviksanden i går. Også i dag er det forventa mykje folk til Refvika.

Foto: Torunn Refvik

– Her på 1000 meter over havet på Filefjell er det 17,5 grader i Otrøvatnet, skriv Frode Solheim i ein e-post til NRK.

Send oss badetemperaturen og bilete frå der du er til sf@nrk.no

Badetemperaturen i fylket laurdag:

  • Refviksanden, Vågsøy: 22 grader.
  • Rognaldsvåg, Flora: 16,2 grader
  • Skjerjehamn, Gulen: 20,5 grader
  • Ikjefjorden (arm av Sognefjorden): 18,5 grader
  • Grotlesanden, Bremanger: 14 grader (i går)
  • Oldevatnet, Stryn: 5 grader (i går)

Sjekk vêrmelding for fylket

Oldevatnet
Foto: Anitha Kvamme
Bilete frå badeplassar i fylket.

Rekord på Refviksanden

– I går hadde vi 190 campande, og då meina eg telt, bubil eller campingvogn. Så mange har vi ikkje hatt før, seier Torunn Refvik i Refvik Camping.

Aldri før har ho sett så mykje folk på Refviksanden på ein gong som i går. Temperaturen var tett opp mot 30 grader i lufta, så det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor folk søkte mot strand og sjø.

Så mykje folk og bilar blei det at Refvik stadion måtte takast i bruk for parkering for å ikkje lage parkeringskaos.

– Vi har selt utruleg mykje is, seier Refvik som fortel at dei dagleg må til Måløy for å fylle opp både frys- og kjøleskap med kalde varer.

Refvik trur det blir mykje folk også laurdag.

– Det er 27 grader i lufta og 22 grader i sjøen, seier ho.

Refvik Camping

REKORD: Aldri før har så mange telt, bubilar og campingvogner stått oppstilt på Refvik Camping.

Foto: Torunn Refvik