– No må vi sjå i skuffen om prosjekt som vi tidlegare har skrinlagt plutseleg kan vere lønsame, seier konserndirektør for produksjon i kraftselskapet BKK, Olav Osvoll.
Motstanden mot vindkraft har vore aukande i Noreg, og mange har peikt på oppgradering av vasskraft som eit alternativ til vindmøllene.
Elektrifiseringa av samfunnet gjer nemleg at vi treng meir straum i framtida enn det vi produserer i dag. Mykje meir.
I forslaget til statsbudsjett varsla difor regjeringa at dei vil vri om på skattepolitikken på ein måte som i sum gjer det meir lønsamt å byggje ut nye kraftverk.
– Dette vil bidra til både oppgradering av eksisterande vasskraft, og bygging av ny, seier olje- og energiminister Tine Bru (H).
INNGREP: Matre-Haugsdal kraftverk vart nyleg utvida. BKK brukte same demning men laga ny vassveg og kraftstasjon i fjellet. Det gav dobbel effekt på anlegget.
Foto: Toril Apelthun / BKK– Tidlegare ulønsame prosjekt blir lønsame
Den føreslåtte skatteendringa gjer at kraftselskapa kan trekkje investeringskostnadar frå skatten allereie idet dei går i gang med ei oppgradering eller ei ny utbygging.
Dei som driv med vasskraft må nemleg betale det som heiter grunnrenteskatt, ut frå ein tanke om naturressursar som vasskraft er eit gode som tilhøyrer oss alle.
Endringa til ein kontantstraumskatt gjer at det blir billegare å oppgradere eksisterande vasskraft, for å få ut meir kraft. Det dreier seg stort sett om å skifte ut gamle turbinar og røyrgater.
– Vasskrafta vil framleis vere den tyngst skattlagt næringa i Noreg, men dette vil truleg gjere at tidlegare ulønsame prosjekt no blir lønsame, seier konsernsjefen for kommunikasjon i BKK, Rune Indrøy.
UNDER BYGGING: Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune er under bygging av BKK og SFE:
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKSV og Naturvernforbundet er kritiske
Det har vore mykje diskutert kor mykje ekstra straum vi kan få frå slike oppgraderingar. Konserndirektøren i BKK meiner at det dreier seg om ei ganske lita auke.
Han vil i staden utvide kraftverka, og byggje heilt nye.
– Det er vi veldig negative til. Norsk natur er allereie svært hardt pressa av vasskraftutbygging, seier stortingsrepresentant for SV Lars Haltbrekken.
Fagleiar i Naturvernforbundet Arnodd Håpnes stemmer i skepsisen til SV.
– Det er allereie så mykje utbygd vasskraft her i landet, at det er eit stort trugsmål mot naturmangfald, biologisk mangfald og dyrelivet elles, seier Håpnes.
Og ministeren frå Høgre innrømmer at kritikarane har eit poeng.
– Folk må vere klar over at også utviding og nybygging av vasskraft vil føre til naturinngrep, og så må dette bli vege mot omsynet til det store kraftbehovet vi har i framtida, seier Bru.
Statsråden understrekar at det ikkje er tale om å opne opp for bygging i vassdrag som er verna, slik som Gaularvassdraget i Sunnfjord.
Ho er også klar på at dei same krava som gjeld for naturvern og miljøomsyn framleis kjem til å gjelde.
KRITISK: Lars Haltbrekken i SV er kritisk til regjeringa sin nye skattepolitikk for vasskraft.
Foto: Terje Pedersen/ScanpixBKK skal gå i gang med å finrekne
Men dette tykkjer ikkje Naturvernforbundet er tryggande.
– Det har allereie vorte bygd ut for mykje vasskraft i Noreg, og det bør ikkje bli billegare å byggje meir.
Og Osvoll i BKK seier at dei no går i gang med å finrekne på kva prosjekt som no kan bli lønsame.
– Det er jo veldig nytt for oss dette, og det er framleis ikkje vedteke i Stortinget. Men vi sit og ser på det no.