Hopp til innhold

Forbrukarrådet vil ha vekk moms på reparasjon: – Då vil fleire heller fiksa enn å kjøpa nytt

– Staten bør «dytta» oss forbrukarar til å få ting reparert i staden for å kjøpa nytt, meiner Forbrukarrådet. Finansdepartementet vil ikkje gi momsfritak for reparasjon.

Hvitevarer

KAST: Mykje kvitevarer blir kasta. Momsfritak ville gjort at mykje av desse varene ville blitt reparert, meiner Forbrukarrådet.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tykkjer du det er for dyrt å reparera ting, samanlikna med å kjøpa nytt?

Eller at å reparera i staden for å kasta blir viktig i det grøne skiftet?

Kva gjer du den dagen oppvaskmasina byrjar å fuska?

Dersom momsen – altså meirverdiavgfifta – vert fjerna frå reparasjon av kvitevarer, vil mange fleire av oss prioritera å fiksa, heller enn å kjøpa nytt.

Det viser ein ny rapport frå Forbrukarrådet.

– Momsfritak vil gi oss forbrukarar betre tilgang på reparasjonstenestar, og reparasjon vil bli billigare.

Det seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

– Bekvemt

I rapporten er ulike produktgrupper vurderte. Kvitevarer er gruppa der det er venta høgast effekt av momsfritak på reparasjon.

– Den marknaden fungerer allereie nokså godt. Det finst reparatørar, og det er bekvemt at dei kjem heim til oss i staden for at me må frakta produktet til reparatøren. Dessutan endrar typiske kvitevarer seg ikkje så raskt teknologisk. Det betyr at me ser verdien av å reparera, seier ho.

For pc-ar, mobiltelefonar og møblar er det venta middels effekt, medan effekten for TV-ar, klede og sko er lågare.

– Det er nok fleire årsaker til det. Reparasjonsmarknaden for TV er nok ikkje moden nok for slikt fritak. Klede og sko er svært mangfoldige produkt. På sikt bør særleg mobiltelefonar, PC'ar og annan elektronikk få momsfritak på reparasjon.

Inger Lise Blyverket

DYTT: – Me treng å reparera det me har. Momsfritak kan dytta oss i rett retning, meiner direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukerrådet

Forbrukarardytting

Forbrukerrådet etterlyser trinnvist momsfritak på reparasjonar, og viser til at nesten ni av ti nordmenn ønskjer dette.

– Politikarane sit med nøkkelen. Stortinget vedtar nivået og innrettinga på skattar og avgifter. Det er heilt opplagt at me treng å bruka skatte- og avgiftssystemet for å dytta oss forbrukarar i rett retning og sørga for at me får ein overgang til ein sirkulærøkonomi, meiner Blyverket.

Finansdepartementet seier nei

Finansdepartementet peikar på at målet med moms er å skaffa inntekter til staten. I ein e-post til NRK skriv departementet:

«Inntektene fordeles ut over statsbudsjettet til ulike formål – også til klimatiltak. Særordninger som momsfritak og reduserte satser gir lavere inntekter til staten og øker adminstrasjonskostnadene for både næringsdrivende og skattemyndighetene.»

«Da er det mer effektivt med miljøavgifter eller støtte til klimatiltak over statsbudsjettet.»

Departementet har i haust anslått at staten til dømes kan tapa 500 millionar kroner årleg viss det blir momsfritak for reparasjon av klede og sko, hushaldnings- og fritidsvarer.

Hvitevarer

KJØP: Finansdepartementet stolar på at forbrukarane reparerer viss det løner seg, og vil ikkje innføra momsfritak for reparasjonar.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

– Ingen god grunn for fritak

Finansdepartementet meiner «det er vanskelig å se noen god begrunnelse for å innføre fritak for merverdiavgift for reparasjoner.»

Det forklarer dei slik:

«Det er ingen skjevheter i merverdiavgiftssystemet som kan medføre at det produseres for lite reparasjonstjenester eller for mye nye varer. Forbrukere vil dermed reparere sine varer hvis det lønner seg.»

Ein rapport frå SIFO tyder dessutan på at momsfritak i liten grad vil gi lågare prisar på reparasjon. Då vil avgiftsreduksjon heller ikkje resultera i meir bruk av reparasjonstenester, ifølge departementet.

I tillegg vil momsfritak krevja mykje ekstraarbeid med «skjønnsmessige vurderinger av hva som er en reparasjon og hva som er oppgradering, vedlikehold, rens mv.»

Forbrukerrådet har eit litt anna syn på saka.

– Vi ser få – om nokon – grunnar til å ikkje innføra momsfritak på reparasjonar. Me treng å reparera det me har, å få dei til å vara lenger heller enn å kjøpa nytt, seier direktøren.

– Sjølvsagt vil lågare moms gi noko lågare inntekter til staten. Men ein større reparasjonstenestemarknad vil gi skatteinntekter til staten. I tillegg har me i Noreg god erfaring med å bruka avgifter for å dytta folk i rett retning.