Hopp til innhold

Ny naudtunnel kan redde liv

LEIKANGER (NRK): Asbjørn Nes frå Luster har funne opp ei tunnelløysing han meiner kan redde liv når det oppstår farlege brannar.

SJÅ KORLEIS OPPFINNINGA TIL ASBJØRN FUNGERAR: I videoen over ser du korleis Asbjørn Nes ser føre seg å gjere tunnelbrannar tryggare.

– For å seie det enkelt, så er det ein redningskorridor som er festa til tunnelveggen når han ikkje er i bruk, seier oppfinnaren.

Når redningskorridoren ikkje er i bruk, vil han stikke ut om lag 30 centimeter frå tunnelveggen. Om det skulle oppstå ein brann, så vil varmluft gjere at korridoren utvidar seg. Det vil også kome frisk luft inn gjennom begge ender.

– Det vil vere frisk luft, og det vil også vere lys inne i korridoren, seier Nes.

Lustringen har kalla nyvinninga si for «Nirvana», og seier at det er slik han ser føre seg at ein vil oppleve det når ein kjem inn i den trygge korridoren.

– Når du hamnar i ein tunnelbrann, så er du jo i eit reint helvete. Når du då kjem inn i ein korridor med både luft og lys, så er du jo nesten komen til nirvana, seier Nes.

Asbjørn Nes i tunnel

HAR FORKASTA FLEIRE PLANAR: Asbjørn Nes har jobba med fleire ulike løysingar til tunneltryggleik, men har landa på eitt alternativ.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Stort behov for betre løysingar

Dei siste åra har det vore fleire dramatiske tunnelbrannar på Vestlandet, og brannfolk meiner at det berre er flaks at det ikkje har gått liv tapt.

I april i år vart 13 menneske fanga inne i eit røykinferno i Fjærlandstunnelen. Då kom det fram at mange meinte tunnelen var for dårleg rusta for slike brannar. Vegvesenet er difor veldig interesserte i slike idear som den Nes no har kome med.

– Det er veldig bra når det kjem fram slike idear. Det er klart at ein endå er på idestadiet, men det er ei spennande løysing som er verdt å sjå nærare på, seier avdelingsdirektør i Vegvesenet Svenn Finden.

Svenn Finden

HAR TRUA: Svenn Finden i Vegvesenet har trua på planane til Nes.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Skal ha idekonkurranse

Vegvesenet håpar det kan kome inn endå fleire forslag til løysingar for branntryggleik i tunnelar. No vil dei lyse ut ein idekonkurranse, for å sjå om det er fleire som sit inne med gode løysingar til korleis ein kan gjere tunnelane tryggare. Gjerne løysingar som ikkje er for dyre.

– Om ein finn fram til løysingar som gjer at ein ikkje treng å gjere tunnelane breiare enn det er i dag, så er det ein stor fordel, seier Finden i Vegvesenet.

Asbjørn Nes

VIL FUNGERE MANGE STADER: Oppfinnaren meiner løysinga hans vil fungere i nesten alle tunnelar i Norge.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Asbjørn Nes har stor tru på si eiga oppfinning, og meiner at den kan byggjast for rundt 10,000 kroner per meter. Det vil seie rundt 100 millionar kroner for ein tunnel på 10 kilometer.

– Eg har hatt mange idear som eg har forkasta. Dette er ei løysing som eg meiner kan fungere på nesten alle tunnelar i Norge, og meiner det er ei trygg løysing under dei aller fleste forhold, seier Nes.