Hopp til innhold

Ny leiteaksjon etter sakna mann i Stryn

Søndag er det sett i gang ein ny leiteaksjon etter den sakna Christoffer Ordahl i Stryn. 30-åringen la ut på fjelltur førre fredag, og sidan har han ikkje gitt teikn frå seg.

Søndag er politiet og 20-25 personar frå lokalt Røde Kors med i aksjonen. Dei søker med utgangspunkt frå området der mobiltelefonen til den sakna mannen sist sende signal, seier politioverbetjent Vidar Stavik til avisa Fjordingen.

Familien til Ordahl har også gitt informasjon om kva han hadde på seg, til media.

Ordahl er 1,95 meter høg og hadde på seg ei jakke med veldig synleg blåfarge.

17. mai melde politiet at dei formelt hadde avslutta leiteaksjonen etter Ordahl, og at saka vidare blir etterforska som sak som gjeld sakna person.

Morten Hagen som er politi og innsatsleiar i Nordfjord saman med Julie Ordahl og faren til Julie.

Familien til sakna Christoffer i Stryn er takksame for søket som har blitt gjort

Familien takkar alle som har delteke i redningsaksjonen etter at Christoffer Ordahl frå Risør blei meldt sakna etter ein fjelltur i Stryn.