Hopp til innhold

Ny forsking: Difor bør kvinner følge med på blodtrykket i vaksen alder

Sjølv eit lett forhøga blodtrykk i 40-åra doblar risikoen for hjarteinfarkt hos kvinner.
Ein sjekk kvart femte år frå ein blir vaksen kan hjelpe.

Jenter

KVINNEHELSE: Venninnene Maria Lie Jordheim (20) og Johanne Jacobsen (21) innrømmer at blodtrykk ikkje er noko ein tenker på når ein er ung. Men frå vaksen alder kan det vere lurt å følgje med på det.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Når ein trenar og lever sunt, så tenker ein ikkje på at blodtrykk har noko å sei, spesielt i så ung alder, seier Johanne Jacobsen (21).

Eit ferskt forskingsprosjekt frå Bergen har gjort nye funn om kvinner sitt blodtrykk.

– Vi såg ikkje den same risikoen hos menn, seier forskar og lege Ester Kringeland som står bak studien.

Tidlegare studiar har tydar nemleg på at høgt blodtrykk er ein sterkare risikofaktor for kvinner enn det er for menn.

Forskarane har sett nærare på om lett forhøga blodtrykk tidleg i 40-åra, kan medføre risiko for hjarteinfarkt seinare i livet.

Og funna viser kvifor kvinner bør følge med på blodtrykket allereie frå ung alder.

– Det som er nytt med denne studien, er at vi ser at risikoen for hjarteinfarkt aukar ved eit lågare blodtrykk hos kvinner enn hos menn. Og det skjer allereie før blodtrykket kan reknast som høgt etter dagens retningslinjer.

Sjekk kvart femte år frå 18

– Hovudbodskapet er at kvinner må kjenne blodtrykket sitt. Så gå til legen og mål det, sjølv om du føler deg frisk, seier Kringeland.

Er du over 18 år, bør du måle blodtrykket regelmessig, og minst kvart femte år.

Om du har andre risikofaktorar bør det målast kvart andre år eller oftare.

Risikofaktorar kan vere å ha foreldre med høgt blodtrykk, å ha fedme, diabetes, autoimmune sjukdomar og svangerskapskomplikasjonar som til dømes svangerskapsforgifting.

forsker

FORSKAR: Ester Kringeland er lege og forskar ved Universitetet i Bergen.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Veldig skremmande

At blodtrykket bør målast også i yngre alder, er ukjend for fleire unge kvinner NRK har snakka med.

– Einaste gangen eg har målt blodtrykk var når eg skal byrje på prevensjon, elles sjekkar eg aldri blodtrykket, det er ikkje noko eg tenker på, seier Julie Jaros Schanke (22).

– Det er veldig skremmande, det er jo slikt ein må vite om. No skal eg gå å sjekke blodtrykket mitt, seier Schanke.

– I det siste har det blitt snakka mykje om at ein veit mykje mindre om kvinnehelse, enn om menn si helse. Dette er informasjon som burde kome før, seier Maria Lie Jordheim (20).

Julie Jaros Schanke (22).

Unge intervjues om ny forsking som viser at høyt blodtrykk øker risiko for hjerteinfarkt

Seks tips for livsstil

– Risiko for hjartesjukdom aukar med høgare blodtrykk, og årsaka til at det forskjell i risiko for kvinner og menn er sannsynlegvis fordi det er biologiske forskjellar mellom kjønna.

Ho konkluderer med at ein sunn livsstil er viktig for å førebygge høgt blodtrykk.

– Det er anbefalt å halde ei normal kroppsvekt, ha eit sunt kosthald og trene regelmessig. Ein bør også unngå å røyke, drikke for mykje alkohol og ete for mykje salt.

Studien henta data frå Helseundersøkinga i Hordaland, der blodtrykket til 6381 kvinner og 5948 menn på 41 år vart målt.

Hjarteinfarkt vart så notert i ein oppfølgingsperiode på 16 år.

Av kvinnene hadde 25 prosent lett forhøga blodtrykk mot 35 prosent av mennene.

Av alle kvinnene i studien fekk 1,4 prosent akutt hjartesjukdom i oppfølgingsperioden. Av mennene var det 5,4 prosent som fekk det.