Hopp til innhold

Uniformene er nær identiske, men den eine slepp ut langt meir mikroplast

Dei ser heilt like ut, men den eine uniforma er betre for miljøet enn den andre. Ny forsking gir overraskande svar om mikroplast i sjukehusvasken.

To sykehusuniformer som slipper ut ulik grad av mikroplast

ULIKT UTSLEPP: Den eine uniforma består av 50/50 polyester og bomull, medan den andre består av polyester og lyocell, eit stoff som blir produsert av cellulose.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kvar einaste arbeidsdag går 10 tonn tøy gjennom det gigantiske vaskeriet på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Tøyvask er blant dei aller største kjeldene til utslepp av mikroplast. Globalt er det berre partiklar frå bildekk som kan måla seg.

Handdukar, sengetøy, pasienttrøyer og uniformer må vaskast ofte og grundig.

Det gjer vaskevatnet til store norske sjukehus verdt å sjå nærare på. For kva type tekstilar gir frå seg mest mikroplast?

Det har Norce Research no undersøkt.

– Resultat er overraskande, seier einingsleiar Kjersti Helen Røli Hope ved Hospitaldrift vaskeri i Helse Bergen.

Vaskeriet på Haukeland sykehus i Bergen

VASKERI: Kvar dag går 10 tonn med handdukar, sengetøy, pasienttrøyer, uniformer og anna gjennom vaskeriet på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Langt meir mikroplast frå den eine uniforma

På initiativ frå Bergen Næringsråd har forskarane undersøkt mikroplastutslepp frå vaskeriet ved Haukeland universitetssjukehus.

Handklede, vaskeposar, arbeidsuniformer, dyner, og sengeklede frå sjukehusa i Bergen og på Voss inngjekk i forsøket.

Og funnet kan få konsekvensar for kva slags klede helseføretaka bestiller framover.

  • På Haukeland sjukehus nyttar dei tilsette uniformer som består av 50/50 polyester og bomull.
  • På Voss sjukehus går dei tilsette i uniformer som består av polyester og cellulosestoffet lyocell.
  • Uniformene med bomull sleppte ut 28 prosent meir mikroplastpartiklar enn uniformene med lycocell.

Dermed indikerer resultatet at tekstilar, både uniformer og sengetøy, utan bomull har eit mindre utslepp av både cellulose- og mikroplastpartiklar til vaskevatnet.

– Utsleppet indikerer at plagg av polyester og lyocell vert mindre slite og kan ha lengre varigheit. Dermed kan det potensielt vera både ein miljøgevinst og ein økonomisk gevinst her, seier prosjektmedarbeidar Taran Henriksen i Norce.

De automatiserte vaskeriet på Haukeland

TONNEVIS: I 2020 blei 2.844.244 kg (tilnærma 2844,3 tonn) tekstilar vaska på Haukelands vaskeri. Kvart kilo tekstil krev cirka 6 liter vatn gjennom vaskeprosessen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Har bestilt nye putetrekk

No ser vaskeriet på moglegheita for å gjera endringar på stoff som blir brukt andre stader på sjukehuset.

– Me kan forsøka oss fram, og sjå om det er haldbarheit i å byta ut til dømes putetrekk og dynetrekk, seier Røli Hope.

Uniforma med lycocell kostar meir enn uniforma med bomull, men studien indikerer at den meir miljøvennlege varianten kan ha lenger levetid.

– Studien tyder på at plagget med bomull har større partikkeltap, som vil seia at dei truleg blir slite i større grad, fortel Henriksen.

Så det vil ha ei merkbar betydning for utsleppet om ein byter ut uniforma med bomull?

– Studien tyder på at det kan ha store betydning å endra på det ja, men me treng meir forsking før me kan seia noko heilt sikkert, fastslår forskaren.

Helseføretaket har enno ikkje tatt ei avgjerd på om dei skal byta ut tekstiltypen som slepper ut mest mikroplast. Men helseføretaket har bestilt putetrekk i polyester og lycocell, tekstiltypen som slepp ut minst.

– Haldbarheita på dei ulike uniformene er noko me vil erfara i tida som kjem, opplyser Røli Hope.

Kjersti Helen Røli Hope, enhetsleder Hospitaldrift Vasker

OVERRASKA: – Resultat er overraskande, seier einingsleiar Kjersti Helen Røli Hope ved Hospitaldrift vaskeri i Helse Bergen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Ikkje definert som miljøgift

Avgrensing av mikroplastutslepp frå vask av tekstilar er relevant ettersom partiklane kan ha eit direkte utslepp til havet.

Mikroplast er i dag ikkje definert som ei miljøgift og er difor ikkje underlagt restriksjonar som avgrensing av utslepp eller pålegg om reinsing.

Dermed fangar ikkje kommunale vassreinseanlegg opp mikroplastpartiklane frå norske hushaldningar eller storvaskeri.

– Viss ein kan innføra tiltak som monnar her, vil det ha store betydning for utsleppet av mikroplast. Viss ein ser på utsleppet frå private vaskemaskiner må langt fleire gjera ei endring samanlikna med større vaskeri, kor det blir vaska tusen tonn med tekstilar, poengterer Henriksen i Norce.

Kan få store konsekvensar

Målet er ikkje berre å redusera plastforureininga frå Helse Bergen.

Funna som er gjort skal i tillegg vera med på å inspirera andre sjukehus – også utanfor landegrensene.

– Eitt av miljømåla våre er å redusera utsleppet av miljøskadeleg stoff til jord, luft og vatn. Då er det veldig viktig at me lærer av kvarandre. Dette er første steg på vegen mot å finna kjeldene til mikroplast, seier Linda Karen Eide, miljørådgjevar i Helse Bergen.

Også for den kommersielle handelen av tekstilar kan studien få konsekvensar.

– Mikroplastutslepp frå klede er et problem vi i dag ikkje har nokon gode løysingar på, i iallfall ikkje når de har enda opp i havet. Så tiltak som reduserer utsleppet er gull verdt. Det er spennande at norsk forsking går føre på dette feltet, seier fagsjef Lars Brede Johansen i Handelens Miljøfond.