Hopp til innhold

Mulu har ikkje høyrt frå familien på fleire månadar – fryktar det verste

Då Mulu (36) reiste frå Etiopia var det fred. No får han rapportar om alvorlege krigsbrotsverk i heimlandet.

Mulu Beyene ser ut i det fjerne og tenker på situasjonen i Tigray

Mulu Beyene Kidanemariam kom til Noreg som stipendiat ved UiB i februar 2020. 8 månadar seinare brøyt ein krig ut i heimlandet Etiopia.

Foto: Tsion Bruk / NRK

– Det er enormt tungt. Nesten surrealistisk.

36 år gamle Mulu Beyene Kidanemariam tar seg god tid når han pratar.

Det han skal fortelje om er sårt og vanskeleg.

For to år sidan forlét han familie og vener i Etiopia for å ta ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen.

Det han trudde skulle bli ei spanande studietid borte frå familien blei langt meir dramatisk.

For i november 2020 gjekk statsminister Abiy Ahmed til krig mot Tigray-provinsen, nord i Etiopia.

Hundrevis blei drepen på kort tid. Tusenvis flykta til nabolandet Sudan.

I Bergen sat Mulu med ein enorm klump i magen.

For i Tigray bur mor, bror og kusina hans på 9 år.

– Eg har ikkje klart å ete, sove eller jobbe. Det er forferdeleg å ikkje vite korleis det går.

Mulu Beyene Kidanemariam og niesa Adan saman. Begge smiler og ser glade ut.

Mulu saman med kusina Adan. Han har ikkje høyrt ifrå ho eller nokon andre i familien på fleire månadar.

Foto: Privat

Stengde internett

Det siste halvanna året har Mulu berre hatt sporadisk kontakt med familien.

Straum og internett har forsvunne frå Tigray-området i lengre periodar.

I midten av juni i fjor nekta den Etiopiske regjeringa å sleppe medisinske forsyningar inn i området. Hjelpeorganisasjonar har også blitt kasta ut.

Som følge av blokaden, manglar fleire hundre tusen menneske i området mat, ifølge FN.

– Landet står overfor ein enorm humanitær krise, sa FNs generalsekretær Antonio Guterres i oktober i fjor.

Bilde av en mann som bruker mobil.

Mulu har ikkje snakka ordentleg med familien sidan juni i fjor. Siste livsteikn fekk han for tre månadar sidan.

Foto: Tsion Bruk / NRK

Onsdag denne veka kom ein ny rapport frå Tigray, som la eit enda mørkare teppe over konflikten.

Rapporten inneheld forteljingar om nådelaus etnisk reinsing mot tigrinske sivile.

Drap, valdtekter, massefengslingar og tvangsforflyttingar er noko av det som kjem fram.

– Det er sjokkerande. Eg har eigentleg ikkje lyst til å tru på det, men eg veit det er sant, seier Mulu.

UiB stipendiaten snakker om situasjonen i Etiopia.

Doktorgradstiendiaten har ikkje klart å fokusere mykje på jobben det siste halvanna året.

Foto: Tsion Bruk / NRK

– Skremmande og svært alvorleg

Rapporten er det Amnesty International og Human Rights Watch som står bak.

I løpet av 15 månadar har dei intervjua over 400 personar som har vore vitne til krigsbrotsverk i Vest-Tigray, eit området i Tigray som er spesielt utsett i krigen.

– Funna er skremmande og svært alvorlege, seier Gerald Folkvord i Amnesty Noreg.

Gerald Folkvord i Amnesty International.

Gerald Folkvord i Amnesty seier rapporten frå Tigray-provinsen i Etiopia er svært alvorleg.

Foto: Amnesty

Folkvord kan ikkje gi eit enkelt svar på kvifor det skjer.

Kort fortalt er det vestlege området i Tigray kontrollert av naboregionen, Amhara.

Rapporten viser at amhariske tenestemenn prøver å tvinge tigrayiske sivile til å flytte frå Vest-Tigray gjennom etnisk reinsing.

– Me veit at dette er ei spesielt brutal konflikt, med omfattande overgrep mot sivile, begått av begge sider, seier Folkvord.

Han meiner at rapportar om etnisk reinsing er spesielt skremmande, fordi det kan få naboar til å drepe kvarandre, slik ein såg mellom tutsiar og hutuar på 90-talet.

Fire år gamle Rahwa Mehari på et sykehus i Mekele i begynnelsen av oktober. Han ble lagt inn på grunn av underernæring, men fikk senere også en alvorlig form for tuberkulose.

Fire år gamle Rahwa Mehari på eit sjukehus i Mekele i byrjinga av oktober. Bilete som dette gjer at blant anna FN varslar ei humanitær krise.

Foto: AP

Blir vanskeleg å komme tilbake frå dette

Mulu Beyene trur ikkje heimlandet nokon gong blir det same som han reiste frå for to år sidan.

Rapporten om etnisk reinsing og krigsbrotsverk er ein stor del av årsaka.

– Det er vanskeleg å kome tilbake frå noko slikt. Hatet mellom folket har etablert seg. Det har skjedd for mykje grufullt allereie.

25. mars i år innførte Etiopia humanitær våpenkvile i Tigray. Ei halvanna veke seinare køyrde dei første lastebilane med humanitærhjelp inn i området.

Men Mulu Beyene har framleis ikkje høyrd frå familien og fryktar det verste.

No håpar han at det internasjonale samfunnet vil ta meir ansvar for å få løyst konflikten. Spesielt Noreg:

– Statsminister Abiy Ahmed fekk Nobels fredspris her i Noreg. Det har han brukt til sin fordel. Noreg har eit ansvar og dei har makt. Dei burde bruke det.

Beyene ser ut mot havet.

Mulu seier han fryktar det verste når det gjeld familien, og spesielt niesa på no 9 år.

Foto: Tsion Bruk / NRK