Hopp til innhold

Nummeret til Robert misbrukt på Finn

Plutseleg fekk han mange telefonar om møblar han aldri har vore interessert i. Datatilsynet fryktar at det kan dreia seg om ein ny type ID-tjuveri.

Robert Høyem

SKJØNA INGENTING: Robert Høyem skjøna ingenting då nokon ringde han om møblar var til sals på Finn.no.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Robert Høyem i Bergen skjønte ingenting då ein person ringde og spurte om han framleis var interessert i møblane som låg ute på Finn.no.

– Eg hadde aldri vore interessert i desse møblane, seier han.

Så kom det seks-sju liknande telefonar på kort tid.

Nummeret misbrukt

ID-tyveri Finn.no

ID-TJUVERI: Dette er skjerm-kopien Høyem fekk sjå. Avsendaren er nummeret hans, men han har ikkje sendt meldinga.

Foto: Skjermdump

Det viser seg at nokon gir seg ut for å vera Høyem ved å senda tekstmeldingar frå hans telefonnummer til seljarar på Finn.no. Han fekk sjå ein skjerm-kopi som viste at det var hans nummer som var brukt.

Høyem lurte på korleis dette kunne skje, og kontakta telefonoperatøren sin.

– Dei kunne ikkje sjå at det var gått ut slike meldingar frå mitt nummer, seier Høyem.

I tekstmeldingane svindlarane sender frå Høyem sitt telefonnummer, blir folk bedt om å svara på ei spesifikk epost-adresse som ikkje tilhøyrer Høyem. Om folk svarar på denne e-posten, kan dei bli svindla, ifølge Datatilsynet.

Fryktar ID-tjuveri

Datatilsynet ser alvorleg på saka, og fryktar at det kan vera snakk om forsøk på ID-tjuveri. Om du oppgir nok opplysningar om deg sjølv på e-post til svindlaren, kan identiteten din bli stjelt.

Trude Talberg-Furulund

LETT Å LA SEG LURA: Seniorrådgjevar i Datatilsynet Trude Talberg-Furulund i Datatilsynet, seier det er lett å la seg lura av slike tekstmeldingar.

Foto: Hans Fredrik Asbjoernsen / Datatilsynet

– I yttarste konsekvens kan folk stela identiteten din for å skaffa seg økonomisk vinning, seier seniorrådgjevar Trude Talberg-Furulund i Datatilsynet.

Ho seier det er lett å la seg lura når ein får tekstmeldingar, fordi folk som regel stolar på at avsendaren av ei melding er den han eller ho gir seg ut for å vera.

– Ein vil lett la seg lura av slike svindelforsøk, seier ho.

– Ta kontakt

Er du usikker på selger

JOBBAR MED TRYGGLEIKEN: Geir Petter Gjefsen er leiar for forbrukartryggleik i finn.no.

Foto: Pressefoto

Finn.no opplyser til NRK at dei aldri har vore borti noko liknande før. Dei synest ikkje det er kjekt at brukarane deira skal bli utsett for svindelforsøk.

– Vi jobbar for at våre brukarar skal vera trygga på Finn.no, seier Geir Petter Gjefsen, som er leiar for forbrukartryggleik i selskapet.

Han ber alle som fryktar at dei kan ha vore utsett for svindelforsøk om å ta kontakt med Finn.no.

Datatilsynet seier at alle som opplever svindelforsøk bør melda det til politiet.

Robert Høyem syns ikkje det er kjekt at mange kan ha blitt svindla gjennom hans mobilnummer.

– Sjølv om det ikkje er min feil, er det trist å tenkja på at kanskje så mange som hundrevis av personar kan ha blitt utsett for dette, seier han.