Hopp til innhold

E134 i Etne og Vindafjord får 2,4 milliardar i NTP: – Euforisk augeblikk, seier ordførar

Fredag 22. mars blir det lagt fram ny Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2025-2036.

I NTP blir det sett av 2,4 milliardar kroner til prosjektet E134 Bakka-Mo i Etne kommune, stadfestar Tom Kalsås, statssekretær i Samferdselsdepartementet til NRK.

Dette trass i at Statens vegvesen i fjor foreslo å ta ny E134 ut av prosjekta som skal byggjast i perioden 2025-2036. Regjeringa har no likevel valt å prioritere prosjektet som ein del av Statens vegvesen si nye portefølje.

Ordførar i Etne, Mette Bergsvåg Ekrheim (Sp) seier det var eit euforisk augeblikk å få denne nyheita:

– Eg felte nokre tårer. Dette er det mange som har jobba hardt for i mange år. Endeleg fekk vi utteljing for arbeidet.

E134 bind kommunane Vindafjord i Rogaland og Etne i Vestland saman, og er sterkt trafikkert. Tal frå Statens vegvesen frå i fjor viste at over 4000 bilar og trailerar brukte vegen mellom dei to kommunane kvar dag. Prosjektet er ein del av E134 mellom Haugesund og Drammen.

Fra Fikse mot Etne på E134
Foto: Frå Fikse mot Etne på E134. Privat