– På eit strekk hengjer vegen oppetter fjellsida. Det er fjellskrent på den eine sida, og 30–40 meter rett ned på andre sida.
Skal nokon tippe utfor her før det bli gjord noko?
For Svein Terje Brekke har nestenulykker vorte ein del av kvardagen når han køyrer på E134 gjennom kommunane Vindafjord og Etne.
To eller tre gonger i veka køyrer han den 24 meter lange konteinarbilen med hengjar mellom Haugesund og Åmot i Telemark.



Det er ikkje plass nok til at store køyretøy kan passere kvarandre på enkelte stader mellom Bakka og Solheim. Hjulspora er fra eit anna vogntog som møtte bussen. Det fikk skadar langs sida.
FOTO: TORSTEIN RAMSTAD– Fleire stader er det så smalt at tunge køyretøy ikkje kan passere kvarandre. I tillegg er nokre av svingane så krappe at vi må leggje oss ut for å komme rundt. Då sit du med hjartet i halsen, for du veit det kjem trafikk imot.
E134 er hovudsambandet mellom Aust- og Vestlandet.
For fleire hundre tusen innbyggjarar i denne delen av Noreg er dette raskaste og enklaste veg.
Den svingen før Håfoss bru er så krapp at lange og tunge køyretøy må leggje seg ut for å klare svingen. Då er det ikkje plass til to køyretøy.
Foto: PrivatVegen bind også saman kommunane Etne og Vindafjord.
Vegen er sterkt trafikkert, og teljingar frå Statens vegvesen viser at over 4000 bilar og trailerar i snitt bruker vegen mellom dei to kommunane kvar dag.
Tal frå Statens vegvesen viser at varer for 135 milliardar kvart år blir frakta på strekninga.
Over 20 prosent av trafikken på E134 er tungtransport.
Den sterkt trafikkerte strekninga mellom Solheim og Bakka blir ikkje prioritert av Statens vegvesen til Nasjonal transportplan.
37 km utan gul stripe
Fleire delstrekningar har fått ny og betre veg dei seinare åra. Men på strekninga mellom Bakka og Solheim i Etne og Vindafjord kommunar har det skjedd svært lite.
Vegen er for smal til gul stripe. Det vil seie at vegbreidda er smalare enn seks meter.



Når vogntoget filmen er frå møter eit anna vogntog, må sjåføren rygge litt for at det skal bli plass til å passere.
FOTO: TORSTEIN RAMSTAD– Dette er flaskehalsen på vestsida. Ein europaveg er ein veldig viktig eksportveg, og då må ein europaveg ha gul stripe, seier dagleg leiar i E134 Haukelivegen, Pål Kårbø.
Interesseorganisasjonen jobbar for å få bra veg på heile E134. Dei reagerer på at Bakka-Solheim endå ein gong er teken ut av prioriteringslista til Statens vegvesen.
– Vi er veldig skuffa over at han er teken ut av prioriteringslista. Førre gong klarte vi å få den inn igjen politisk.
31. mars i år la Statens vegvesen fram
til neste Nasjonal Transportplan (NTP). På det var ei rekkje vegprosjekt, som tidlegare låg inne, teke ut.– Vi har fått veldig tydelege retningslinjer frå Samferdselsdepartementet med veldig låge investeringsmidlar i oppdraget. Det gjer at vi får plass til langt færre prosjekt enn det vi normalt har gjort, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
– Kvifor er Bakka-Solheim teke ut?
Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK– Det er fordi han ligg mykje lågare på prioriteringslista enn dei andre prosjekta som ligg der.
Overraska ordførarar
Men i forslaget til NTP frå Statens vegvesen er det uvisse om korleis vegstrekninga skal finansierast som er argumentet for å ta ho ut av prioriteringslista.
Ordførarane i Vindafjord og Etne kommunar er overraska over grunngivinga for å ta ut vegstrekninga som går gjennom kommunane deira.
– Det står at det er vi som må greie ut om vegstrekninga kan finansierast med bompengar. Men vi har bede om den utgreiinga frå Vegvesenet. Det ventar vi svar på. Det er gryteklart frå vår side.
På veg ned Geitaberget der vegen er for smal til at to tunge køyretøy kan passere kvarandre.
Foto: privatDavik avviser at det uvisse rundt bompengar på strekninga som gjer at ho er ute.
– Vi veit at det er vilje til å finne løysing på finansiering i kommunane. Hovudgrunnen er at Bakka-Solheim ligg så langt nede på prioriteringslista i dag, at midlane ikkje strekk til.
Fram til regjeringa legg fram forslaget sitt til NTP neste vår skal kommunar, fylkeskommunar, næringsliv og interesseorganisasjonar levere inn høyringssvara sine.
Får svar neste vår
I Rogaland har det allereie vore fleire innspelsmøte i regi av fylkeskommunen. Der har Bakka-Solheim vorte peika på som eit av dei viktige vegprosjekta som må med på prioriteringslista.
– Vi må samle oss om nokre få prosjekt for å få gjennomslag når regjeringa varslar at det blir mindre pengar til vegprosjekt. Då peikar E134 og E39 seg ut hos oss, seier leiar i samferdselsutvalet Ole Ueland.
Ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen– Det er kjempeviktig å få Bakka-Solheim inn igjen i NTP. Den burde ikkje vore ute spør du meg. Vi gjer det vi kan for å påverke og få den inn igjen, seier Vierdal.
I slutten av februar
i ei trafikkulykke på veg til jobb.Vel ei veke seinare kom samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på besøk, for mellom anna med eigne auge sjå strekninga der det har vore fleire dødsulykker.
Til Haugesunds Avis sa han etter bussturen at det var openbert at vegen treng utbetringar, men at det er mogleg for tunge køyretøy å passere kvarandre.
– Eg blir heilt fortvilt når den øvste politiske leiinga ikkje klarer å sjå kva som er problemet. Eg veit ikkje kva vi skal gjere. Skal vi vente til nokon tippar utanfor Geitaberget eller skal vi endå fleire ulykker i Stordalen?, spør Svein Terje Brekke.
Svein Terje Brekke har køyrt på E134 sidan 1993. For han har nestenulykker vorte ein del av kvardagen.
Foto: Bjørg S.BrekkeDet er det ikkje mogleg å få eit klart svar på når NRK sender spørsmålet vidare til Nygård i Samferdselsdepartementet.
På generelt grunnlag svarer statssekretær Cecilie Knibe Kroglund at ei dødsulykke er alltid ein for mykje.
Men ho lovar at strekninga skal vurderast nøye om ho skal inn igjen på prioriteringslista.
– Eg har fått prioriteringslista frå Statens vegvesen og dei andre transportverksemdene. Forslaga er ingen fasit på korleis den endelege transportplanen blir neste vår. Mange spørsmål vil få svaret sitt då, seier Knibe Kroglund.