Hopp til innhold

NRK utvidar 17. mai-sendinga

17. mai-toga er avlyste i dei største byane i landet, og feiringa av nasjonaldagen blir ikkje slik me kjenner ho. Men NRK planlegg ei heilt spesiell feiring.

Gratulerer med dagen! 17 mai 2019

EI ANNLEIS FEIRING: Nadia Hasnaoui og Christian Strand er programleiarane i årets heilt spesielle 17. mai sending. Frå morgon til kveld vil det bli direktesending frå taket på Marienlyst, der heile landet er med.

Foto: Ole Kaland / NRK

– 17. mai er absolutt ikkje avlyst. Det står overalt at 17. mai-feiringa er avlyst, og til det vil eg seie: Det er ho verkeleg ikkje, seier programleiar Nadia Hasnaoui.

Saman med Christian Strand skal ho leie 17. mai-feiringa i år òg. Denne gongen blir det på ein heilt ny måte, frå taket på NRK på Marienlyst.

– NRK er til stades heile dagen. Anten du sit på balkongen, heime i stua, eller har samla ein liten gjeng med god avstand, skal NRK vere din venn, seier Hasnaoui.

Det vil mellom anna vere matlaging med Lise Finckenhagen som alle kan vere med på heime. Gjester og artistar vil kome, og det blir 17. mai-quiz for heile familien. Programleiar Hasnaoui vil ikkje seie kva for gjester som kjem.

– No skal ikkje eg røpe gjestelista vår heilt ennå, for det er framleis nokre veker igjen, seier programleiaren.

17. mai i Tjørvåg

UVANT FEIRING: Barnetoga er sjølve symbolet på nasjonaldagen, og kanskje noko av det viktigaste med feiringa. I år har mange stader allereie avlyst barnetoga.

Foto: Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren

Frå Finnmark til Agder

Sendinga vil gå direkte på NRK1 frå morgon til kveld. Ho startar kl. 07.50 og varer til 17.00 på nasjonaldagen, og skal spegle ei annleis 17. mai-feiring i heile landet. I fjor varte sendinga til klokka 14.

– For det første er alle våre distriktskontor i heile landet med på sendinga. Der kjenner reporterane sitt område aller best, og vi gler oss til å vise fram alle deler av Noreg, seier prosjektleiar Camilla Øyen Langfeldt.

Fleire storbyar har allereie avlyst tog og prosesjonar. Foreløpig er mykje uvisst, men det blir uansett ei uvant feiring. Uansett korleis dagen vil sjå ut, skal ein på NRK1 kunne sjå innslag frå heile landet.

– Frå Finnmarksvidda til strendene i Agder. Fjell og fjord, alle skal vere med på feiringa, seier prosjektleiaren.

Det er framleis uklart om kongeparet blir å sjå på fjernsynet som vanleg.

«Vi går ut med Kongefamiliens offisielle program på nasjonaldagen når det nærmar seg», skriv assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen i ein e-post til NRK.

Koftekledde gutter på 17 mai i Lakselv

FRÅ NORD TIL SØR: Det blir innslag heile dagen frå alle NRK sine distriktskontor. Biletet er frå Lakselv i 2018.

Foto: Ewa-Mari Hedman / NRK

Interaksjon med sjåarar

Det skal bli lagt til rette for at folk over heile landet skal kunne ta del i sendinga mest mogleg. Prosjektleiaren seier dei arbeider med ulike alternativ, men lover at dei skal kunne levere ei verdig feiring.

– Vi skal gjere stor stas på nasjonaldagen vår, sjølv om vi ikkje får feire den akkurat sånn vi er vant til, og det er viktig, seier Øyen Langfeldt.

Programleiar Hasnaoui seier desse siste vekene har vist tilliten ein har til kvarandre i det norske samfunnet, og at sjølv om ho har leia 17. mai-sendingar før blir denne ekstra viktig, for å samle landet.

– Fellesskapet vårt er sett på prøve, og den norske dugnadsånda ikkje minst, så eg tenkjer dette kanskje blir den viktigaste 17. mai-feiringa på lenge, seier Hasnaoui.