Hopp til innhold

NRK-tilsett smitta av korona

Ein tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde fekk onsdag kveld påvist covid-19.

NRK Vestland i Førde

SMITTA: Ein tilsett har fått påvist koronasmitte. Ingen av kollegaene er sett i karantene.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Vedkommande har vore i isolasjon heime sidan symptoma oppstod, seier regionredaktør Rune Møklebust i NRK Vest.

NRK har strenge smitteverntiltak både for eigne tilsette og medverkande, seier han.

Smittevernlegen i Sunnfjord vurderte først at ingen kollegaar var nøydde til å gå i karantene. Etter nærare vurderingar torsdag kveld har smittevernlegen vald å sette to tilsette frå NRK i karantene.

Dei to har hatt noko nærare kontakt med den som er smitta av covid 19 enn resten av kollegiet. Avstanden den smitta har heldt til dei to er meir enn éin meter, men moglegvis i ein periode på meir enn 15 minutt.

– Kontroll på situasjonen

Regionredaktør Møklebust opplyser at NRK har rutinar for korleis det positive testresultatet skal handterast.

– Vi har hatt strenge tiltak heilt sidan tidlegare i år. Vi har rutinar for dette i NRK og vis-a-vis styresmaktene, og vi har kontroll på situasjonen no.

Ingen er tidlegare smitta i NRK Vestland.

Den postitive prøven i går er den første i Sunnfjord kommune sidan april.

Kommuneoverlege Øystein Furnes seier personen kjente på symptom og difor testa seg.

– Det er snakk om lette, influensaliknande symptom.

– God kontroll

Han seier dei har sterke haldepunkt for at smitten kjem frå Bergen, og at den NRK-tilsette blei smitta i eit selskap i Måløy.

Den vidare smittesporinga blir følgt opp av kommuneoverlegen i Kinn.

– Vi har god kontroll på kor vidt personen har påført andre smitte. Der meiner vi at vi har bra kontroll, seier Furnes.

Eit nært familiemedlem er allereie sett i karantene, og dei som var i selskapet blir også det.

– Vi har hatt tett dialog med den det gjeld, kollegaer og leiarar. Ut frå dei rutinane som har blitt praktisert, så ser vi ikkje at vi har nokre såkalla nærkontaktar, seier Furnes.

Artikkelen er oppdatert fredag klokka 05.45. Smittevernoverlegen i Sunnfjord har etter nærare vurderingar torsdag kveld vurdert at to NRK-tilsette likevle skal setjast i karantene.