Hopp til innhold

Derfor bør du bry deg om Nasjonal transportplan (NTP)

Kor mykje pengar skal vi bruke på veg, fly og bane? Og kva skal vi bygge først? NTP er den viktige lista alle prosjekt håpar å hamne på.

Vår reporter forklarer Nasjonal transportplan.

Bak dei trauste orda Nasjonal transportplan ligg planen for korleis Noreg skal henge saman i framtida.

Korleis folk skal komme seg på jobb og skule og heim att, korleis varer skal fraktas frå A til B, og på kva måte.

Når regjeringa legg fram NTP prioriterer dei i korte trekk kva dei meiner Noreg må bygge dei neste åra.

Sist gang regjeringa la fram ein nasjonal transportplan, ville dei bruke over 1000 milliardar på samferdsle i løpet av tolv år.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

FERJEFRI E39: Gigantisk bru på E39 mellom Os og Stord sør for Bergen er inne i Nasjonal transportplan, og kan bli eitt av dei største prosjekta i planen.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

Kvifor så viktig å stå på lista?

Ein av landets fremste ekspertar på store statlege investeringar er Morten Welde ved NTNU.

Han seier at alle større veg- og jernbaneprosjekt som skal bli bygde i framtida, må stå på denne planen.

– Det betyr at Nasjonal transportplan er veldig viktig for lokale pådrivarar og andre som måtte ønske seg ulike veg- og jernbaneprosjekter. Viss eit prosjekt blir sett i gang utan å stå på planen, blir det som å snike i køen, seier Welde.

Ny by ny flyplass

Ny flyplass i Bodø til 3 milliardar er blant mange lekkasjar får denne NTP.

Grafikk: Team Bodø

Kva veit vi at står i planen?

Allereie har regjeringa presentert mange prosjekt som står i Nasjonal transportplan (NTP).

Dette skjer gjennom såkalla «lekkasjar» til media, der regjeringa fortel om store planar og lovnader. Som oftast er desse egna til å stille regjeringspartia i eit bra lys. Og i år, som i alle år NTP blir lagt fram, er det stortingsval.

– Det er typisk at regjeringa lek det som gagnar dei. Det skjer kvar einaste gang, seier Morten Welde.

Dette er prosjekta som regjeringa har leke:

Utsette intercity-utbyggingen.

Intercity-togprosjektet rundt Oslo er eit stort spørsmålsteikn før årets NTP.

Foto: Lise Åserud / NTB

Blir alle prosjekta i NTP gjennomførte?

Ikkje nødvendigvis.

I første omgang er Nasjonal transportplan berre regjeringa si liste over kva dei meiner Noreg skal prioritere.

Men sjølv om dei lovar pengar i hytt og pine, er det ikkje dei som avgjer.

Teknisk sett er planen berre ei melding frå regjeringa til Stortinget, om kva dei meiner er smart å bygge.

NRK forklarer

Kva er greia med Nasjonal transportplan?

Kva er greia med Nasjonal transportplan?

Nasjonal transportplan (NTP) er ...

... i bunn og grunn regjeringa si prioriteringsliste over kva for samferdsleprosjekt dei meiner er smart å bygge dei neste tolv åra. 

 

Kva er greia med Nasjonal transportplan?

Kvifor skal eg bry meg?

Planen gir føringer på korleis framtidas Noreg heng saman. Korleis ein kjem seg til jobb eller skulen, og heim igjen. 

 

Og korleis varer blir flytta frå A til B. 

 

Alle store veg- og baneprosjekt må vere på denne lista, seier forskar Morten Welde ved NTNU.

 

– Ellers ville det vere å snike i køen, seier han. 

Kva er greia med Nasjonal transportplan?

Kor mykje pengar er det snakk om?

Sist gang regjeringa la fram ein nasjonal transportplan, ville dei bruke 1064 milliardar kroner på transport på tolv år. 

Det er derimot ikkje dei som avgjer om pengane faktisk kjem. 

Dei må først gå til Stortinget og presentere prioriteringslista si, og sidan dei ikkje har fleirtal, kan denne bli endra.

Men pengane kjem berre over statsbudsjettet.

Kva er greia med Nasjonal transportplan?

Blir alle prosjekta bygde?

Ikkje nødvendigvis. 

Ein ting er at regjeringa ikkje har fleirtal. Ein annan at det ikkje ligg forpliktningar til pengar i sjølve Nasjonal transportplan. 

Og sidan det er valår, kan ei ny regjering prioritere annleis. 

 

 

Kva er greia med Nasjonal transportplan?

Den viktige førsteperioden

Nasjonal transportplan går over tolv år. Den er igjen delt opp i to seksårsperiodar.

Kjem eit prosjekt inn på lista i første periode, er sjansene større for at prosjektet faktisk blir realisert. 

Før sommaren skal også partia på Stortinget få sagt kva dei vil prioritere. Sidan regjeringa ikkje har fleirtal, kan stortingspartia forandre på prioriteringslista.

Men heller ikkje der kjem det faktiske pengar til prosjekta. Det skjer over statsbudsjettet. Sidan det er val i år kan ein ny regjering arve den gamle planen.

– Ei raudgrøn regjering kan legge vekt på andre ting. Vi skal ikkje vere sikker på at alt som ligg inne i den nye NTP-en blir gjennomført viss det blir eit regjeringsskifte, seier Welde.

Solberg, Hareide og Njåstad på Arna stasjon

JUBEL: I 2017 kom ny E16 mellom Arna og Stanghelle inn på Nasjonal transportplan. Men prosjektet låg inne med fullfinansiering i den siste perioden.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Den viktige førsteperioden

Nasjonal transportplan tar for seg dei neste tolv åra, men er også delt opp i to periodar på seks år.

Det er derfor mykje meir sannsynleg at spaden faktisk blir sett i jorda viss eit prosjekt ligg inne med finansiering i den første av dei to periodane.

Elles kan prosjektet berre bli skubba lengre og lengre fram i tid. Det betyr at dei som heiar på prosjekt som ligg inne i første periode har mykje større grunn til å legge champagnen på kjøl enn dei som «berre» er i andre periode.

Men det er først når politikarane faktisk sett av pengar i statsbudsjettet, at det er all grunn til å hente fram flaska.