Saman med Terje Isungset og Frode Haltli skal Hornindalsjenta Løvlid få vise fram norsk folkemusikk på statskanalen CCTV sitt kulturprogram ein laurdagskveld i beste sendetid. Og Løvlid tykkjer det er unikt å få ein slik sjanse. I følgje ambassaden i Beijing skjer det aldri at kinesisk TV betalar for å hente norske musikarar.
- Dette er heilt spesielt, seier Løvlid.
Samarbeid med Dong-folket
I litt over eitt år har den norske folkemusikkgruppa hatt eit samarbeid med fire musikarar frå Dong-folket i Kina, i regi av prosjektet "Møte på ei bru". Dette prosjektet var sett i gong av Riksantikvaren og rikskonsertane. Dong-musikarane var på Folkemusikkfestivalen i Førde i fjor, og Løvlid med sine kompanjongar har hatt fleire konsertar i Kina no i vår. Og det var på desse konsertane trioen vart oppdaga av CCTV.