Hopp til innhold

No skal også Noreg tene pengar på Loch Ness

Via Statkraft har Noreg kjøpt rettane til å byggja vasskraftverk i den segnomspunne innsjøen Loch Ness i Skottland.

Loch ness

LOCH NESS: «Heksekunstnaren» Kevin Carlyon forsøker å få sjøuhyret «Nessie» i tale. Nå skal også Statkraft tene pengar på Loch Ness.

Foto: REUTERS

I Aurland inst i Sognefjorden styrtar vatnet frå Nyhellermagasinet og ned til Vetlebotnvatnet, som ligg 400 meter lågare i terrenget.

Og når vatnet er nede, vert det pumpa opp att, andre vegen. For deretter å styrta ned endå ein gong.

Og endå ein gong.

Kvar gong kostar det meir kraft å pumpa vatnet tilbake enn det produserer på veg ned. Men om du set systemet «i revers» når kraftprisen er låg, og slepp vatna ned att når prisen er høgare, så er det god butikk likevel.

No tek Noreg med seg det same prinsippet til Skottland.

LOCH NESS-monsteret

Vonde tunger vil hevde at lokale kjøpmenn, som tener godt på «Nessie», har bidrege til mytedanninga.

Foto: Ukjent / Ap

Her skal eit pumpekraftverk skapa verdiar ved å senda vatnet i tur og retur mellom den verdskjende innsjøen Loch Ness og eit magasin litt lengre oppe.

Kjøpesummen er ikkje kjend.

Den skotske innsjøen får årleg besøk av 1,6 millionar turistar som håpar å få eit gløtt av sjøuhyret «Nessie».

Det lokale næringslivet har med andre ord få insentiv for å utelukka eksistensen til monsteret.

Me kan bidra med den unike vasskraftkompetansen vår til det grøne energiskiftet i Skottland og samtidig styrkja forsyningstryggleiken. Fleksibel kraft er nødvendig for å kunna balansera straumnettet og fase inn meir fornybar energi, seier Statkraft i ei fråsegn.

Statkraft, som er Europas største leverandør av fornybar energi, er heileigd av den norske staten og allereie fleire pumpekraftverk i drift i Noreg og Tyskland.

AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

Pumpene i Aurland stod ferdige i 2013, og er eitt av få pumpekraftverk i Noreg. I alt er det berre elleve av dei etter at «pumpekraftverk-draumen» vart «knust» for ti–femten år sidan.

Foto: Hafslund Eco

Debatten om pumpekraft har vorte meir edrueleg

Pumpekraftverk har vore ein del av visjonen om Noreg som «Europas grøne batteri».

Ein draum som stod høgare i kurs for 10–15 år sidan.

– Det har skjedd ein realitetsorientering. Debatten om pumpekraft har vorte meir edrueleg, slo konserndirektøren i Statnett fast i 2011.

Norge vil bygge kraftverk ved Loch Ness

LOCH NESS: Eit pumpekraftverk er kort fortalt eit kraftverk som vert sett «i revers» når det er mykje kraft i marknaden og prisen er låg, og som slepp vatnet ned att når det er underskot på kraft og prisen er høgare.

Foto: Statkraft

Bakgrunnen var mellom anna ein Sintef-rapport som viste at «batteri-hypen» støtte på ulike tekniske, miljømessige og økonomiske problem.

Pumpekraftverk kan innebere hyppige endringar i vasstanden, som i sin tur kan skada artar og føra til erosjon og utglidingar langs vasskanten.

Men det siste året har variable straumprisar og meir ikkje-regulerbar kraft i omløp, som sol- og vindkraft, gjord at gamle pumpekraft-planar blir trekte fram igjen.

«Kraftselskapa må byggja om til pumpekraftverk», skriv leiar Norsk Industri, Stein Lier-Hansen i ein kronikk i Dagens Næringsliv.

Et reversibelt pumpekraftverk kan flytte vann mellom reservoarer begge veier - slik som Limberg II-kraftverket i Østerrike.

Eit reversibelt pumpekraftverk kan flytte vann mellom reservoar begge vegar, slik som Limberg II-kraftverket i Austerrike (bilete).

Foto: Voith

Heiar på fleire pumpekraftverk

I 2011 vurderte Vattenfall Power kostnadene for bygging av pumpekraftverk i Noreg, på oppdrag frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dei konkluderte med at kraftverka som hovudregel vil trenga meir enn 20 øre/kWh i prisforskjell mellom krafta dei kjøper for å pumpa og den krafta dei sel for å vere lønnsame.

Hafslund Eco, som eig 93 prosent av pumpestasjonen i Aurland, meiner marginane må vere høgare: minst 35–40 øre/kWh høgare ved produksjon enn ved pumping.

Les også «Komiske skattereglar» gjer at kommunar taper pengar på grøne batteri

Et reversibelt pumpekraftverk kan flytte vann mellom reservoarer begge veier - slik som Limberg II-kraftverket i Østerrike.

Øystein Grundt, som er spesialrådgivar i Småkraftforeninga, har tidlegare sagt til NRK at han «heiar på fleire pumpekraftverk gitt at dei er miljømessig akseptable», men at det per i dag er mange hinder.

– Førebels har ikkje kraftselskapa vurdert prisforskjellane til store nok. Men med dei prissvingingane som me ser no, kan det henda at nokon vil sjå på dette med nye auge.