Hopp til innhold

Nordlysfest på Vestlandet

Fleire stadar på Vestlandet kunne ein sjå nordlyset danse over himmelen laurdag kveld.

Nordlys over Fusa

Laurdag kveld kunne ein sjå nordlyset på store delar av Vestlandet.

Foto: Iman de Zwarte

Laurdag natt lyste nordlyset opp himmelen mange stadar på Vestlandet.

– Ein av ungane våre var ute og oppdaga nordlyset. Han ringde oss å sa at vi måtte gå ut om vi ville sjå det, seie Iman de Zwarte.

Han fekk med seg det grøne lyset i Fusa, i gamle Hordaland.

Då dei kom ut såg dei ei svak antyding til grøne parti på himmelen.

– Sjølvsagt gjekk vi ut, er jo eit interessant og spesielt fenomen.

Nordlys på Vassenden i Jølster

Også i Jølster i Sunnfjord var nordlyset tydeleg.

Foto: Karoline Vie

Les også Slik tek du flotte bilete av nordlyset

Nordlys

Mindre aktivitet i natt

Vakthavande meteorolog Rannveig Eikell fortel at nordlyset har vore synleg i natt frå Hardangerfjorden og nordover.

Det kan likevel sjå ut som om i går var natta, dersom du skulle få med deg nordlysfesten i vest.

Om nordlyset er synleg avheng av den såkalla KP-indeksen, som går frå 0–9. Ein verdi på 0 betyr lav aktivitet, mens 9 betyr at ein intens geomagnetisk solstorm er i gang.

I praksis betyr dette kor langt sør ein kan sjå nordlyset.

Nordlys i Vaksdal

Nordlys i Vaksdal i Vestland

Foto: Torstein Torkildsen Bruvik

I natt skal han ligge på rundt 3-4, som vil seie at ein kan sjå nordlys frå Møre og Romsdal og nordover.

Men det er avhengig av klarvêr, seier Eikell.

Solaktivitet avgjør

Nordlys oppstår når partiklar frå sola treffer jorda si atmosfære. Nokre gongar kan det vere stormar eller gasseksplosjonar på sola som gjer at ekstra mange partiklar blir sende i vår retning.

Nokre gonger gjer det til og med at nordlyset spreiar seg langt sørover i Europa.

Nordlys i Vaksdal i Vestland.

Laurdag kveld kunne ein sjå nordlys sørover til Hardangerfjorden. Her er nordlys i Vaksdal.

Foto: Torstein Torkildsen Bruvik

NRK fortalde tidlegare i år om at vii er på veg inn i ein periode der du kan forvente meir nordlys. Sola går nemleg ein meir aktiv tid i møte, etter å ha «slappa av» i nokre år.

– Sola har vore meir aktiv enn modellane skulle tilseie. Det siste året har sola lagt langt over det ein har estimert, har Pål Brekke, fagsjef ved Norsk romsenter tidlegare uttalt.

Aktivitetstoppen er venta å bli nådd i 2025.

Les også Varsler nordlys over hele landet i helga – særlig ett tidspunkt vil gi gode sjanser

Nordlys over Oslo