Seim-saka er satt til 28. august neste år.
Bergen Tingrett har etter tilråding frå statsadvokaten i Hordaland satt av tolv veker til den omfattande saka.
- Tingretten kunne satt saka tidlegare, men me må venta på at NOKAS-saka skal bli ferdig, seier statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen til NTB.
Ventar på Staff
Årsaka er at forsvararen til Seim, Trygve Staff, ikkje blir ferdig med NOKAS-saka før nærmare neste sommar.
Tiltalen mot Seim omfattar ei rekkje tilfelle av økonomisk
utruskap, grovt bedrageri og grovt underslag.
Saman med han på tiltalebenken i Bergen Tingrett møter forretningspartnaren Tor Arne Uppstrøm og advokat Bertram Vedeler.
Tok ut millionsummar
Seim og Uppstrøm kjøpte verftet Mjellem & Karlsen i Bergen våren 2002. Få veker seinare slo dei verftet konkurs og 400 tilsette mista jobben.
Både Seim og Uppstrøm er anklaga for urettmessige uttak av millionsummar frå selskap som blei oppretta etter konkursen.