– Vi har fått bekrefta at det var ein stor stein, og vegvesenet og kontraktøren vurderer no om det er trygt å ha vegen open, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.
Ifølgje vegvesenet var steinen rundt 1x1 meter.
– Den skal stamme frå eit tre som har rotvelta oppe i lia. Vi vurderer no om det er fare for meir stein, men vegen er førebels ikkje stengd, seier Vidar Solheim, byggjeleiar i Statens vegvesen.
– Bussen bremsa kraftig
Asbjørn Øyra Sæterskar sat på skulebussen som køyrde forbi staden.
– Eg såg ein del steinar som låg ute i vegbana, og ein stor stein som låg i grøfta som stakk litt inn på vegen, seier Øyra Sæterskar.
– Bussen bremsa kraftig og svinga over i feil køyrebane for å kome seg unna steinane, seier han.
– Skremmande når det skjer for tredje gong
Øyra Sæterskar seier det var vanskeleg å bedømme kor store steinane var, men at den som låg i grøfta var stor.
– Korleis opplevde du det?
– Det er litt skremmande når vi har fått tre slike steinsprang på kort tid på skulevegen. Det er ikkje akkurat betryggande. Det såg ut som steinspranget var gått ganske nyleg, seier Øyra Sæterskar.
Raset skal ha gått på vestsida av Sundefjellstunnelen, om lag ein kilometer nærmare Florø enn to steinsprang som gjekk for ein månad sidan.
- LES OGSÅ: Steinsprang stengjer Riksveg 5
- LES OGSÅ: Nytt steinsprang, trefte bil i Flora