SISTE: Geolog frå Statens vegvesen, Kristian Kjesbu, har no vore på synfaring i rasområdet. Dei vil gjere ei ny vurdering av kva tid vegen kan opne klokka 14.
Vegtrafikksentralen opplyser at dei heile tida finn nye blokker som må reinskast ned og at vegen truleg ikkje blir opna før tidlegast mellom klokka 15 og 16.
Steinspranget som gjekk tysdag kveld stengjer framleis riksveg 5 ved Leversundet mellom Grov og Sundefjellstunnelen. Det er ikkje omkøyringsmoglegheiter for folk som skal mellom Florø og Førde, eller Florø og Svelgen. Folk som skal mellom Førde og Svelgen er ikkje råka av stenginga.
Geolog Kristian Kjesbu har no sett nærmare på rasområdet, der kom store steinar ned i fleire omgangar tysdag kveld.
– Vi fann eit løsneområde i cirka 120 meters høgde. Det er ein liten bekk som har utløyst eit blokkparti som har teke med seg masser nedover. Det har vore ein del vatn i sprekkesystema der, og det har nok vore ei langtidsutvikling.
– Vi får eit reinskelag til å gå over området og rasløpet vidare nedover. Det ligg litt laust igjen, pluss at det finst sprekker og blokker i løsneområdet som vi ikkje stoler på, seier Kjesbu.
Reinskelaget består av arbeidarar som jobbar på E39 i Jølster. Det betyr at E39 mellom Vassenden og Skei er no er open for fri ferdsel
AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser at dei har tiltak for slike situasjonar, og at dei mellom anna har båt som kan frakte pasientar. Eit Sea King helikopter frå 330-skvadronen er stasjonert i Florø, og ein luftambulanse i Førde.
- LES OGSÅ: Vurderer båt forbi rasstrekninga
- LES OGSÅ: I krise kjem gode gjerningar fram
(Artikkelen held fram under biletet)
Fryktar nye steinsprang
I løpet av natta har mange som ville forbi staden snudd.
– Det er ein del som kom inn der som måtte gjere vendereise, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Per Rimmen.
– Vi har fått ganske mange telefonar om dette i løpet av natta. Det er mange som står fast på feil side. Folk har faktisk vore veldig forståingsfulle. Dei har forsøkt å overnatte hjå andre, seier Ellefsen ved Vegtrafikksentralen.
Så lenge det ikkje var dagslys og geologen ikkje hadde undersøkt området følte politiet og vegvesenet at det ikkje var trygt å opne vegen.
Like før klokka 8.30 kom altså meldinga om at geologen har sett ei steinblokk som han vil undersøke nærmare før det vert vurdert som trygt å opne vegen.
Overraskande rasstad
Ifølgje NRK sin reporter på staden står mange lastebilar og vogntog i kø på staden. I tillegg stod mange personbilar i kø, ein kø som på eit tidspunkt var så lang at folk på staden ikkje kan sjå enden på køen.
Men nærmare klokka 09.00 har dei fleste personbilane snudd og køyrt heim.
Det danna seg på eit tidspunkt også ein kø av bilar som kom frå Svelgen og skulle til Florø.
Korkje Per Rimmen ved politiet eller Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal har høyrt om ras på denne staden før.
– Eg kan ikkje hugse at det har kome stein der før, seier Rimmen.
– Eg kjenner ikkje til at det har vore noko ras på denne staden før. Det kom som ei overrasking at det skjedde der, seier Stadheim.
Også geolog Kristian Kjensbu stadfestar at dette ikkje er eit punkt i deira rasregister.
–Det er eit nytt område. Det er det. Det er ikkje eit punkt der vi ikkje forventa ras, seier Kjensbu.
Steinar kom ned på begge sider av bilen
Tysdag kveld kom Hallgeir Helland køyrande frå Førde, og såg første steinen deise ned i vegbana kring 20 meter framfor bilen.
– I det same såg eg i spegelen at det fall ned ein stein bak bilen, fortel Helland, som var snar til å køyre ut av området.
Då han kjende seg på trygg avstand, stoppa han bilen slik at han også fekk stoppa andre trafikantar og varsla vegvesenet. Saman med fire-fem andre bilistar fekk han lempa dei to steinane ut av vegen.
– Eg har ikkje opplevd steinsprang akkurat her før, men eit par hundre meter lenger inne har det tidlegare kome stein ned i vegen, seier Helland, som fortel at steinspranget sette eit støkk i han der og då.
Helland seier at steinane har kome ned lia ovanfor vegen, men at det på grunn av all skogen er vanskeleg å seie kor høgt steinane har losna.