– Det er ok å få med seg poeng, det var det vi ville. Stopparane var solide og Mathias Dyngeland var også god i mål, men vi fekk ikkje til det presset vi hadde ønska, seier trenar Eirik Bakke.
Han og spelarane sit i bussen på veg vestover mot Sogndal etter at dei gjekk av bana med eitt poeng, men utan mål mot Sarpsborg 08. Heimelaget hadde flest sjansar og var klart best etter pause. Sarpsborg hadde også fleire store sjansar mot slutten av kampen, men Sogndal forsvarte seg godt.
Lukkast i forsvar
– Dei hadde spelet meir enn det vi ønska, og vi skal vere godt nøgde med å halde nullen. Samstundes kunne vi godt fått med oss tre poeng om vi hadde vore heldige, seier trenaren.
Sogndal gjekk på bana i ein 3-5-2-formasjon, ei noko uvant oppstilling for laget i dag. Bakke er nøgd med måten laget løyste kampen på, men meiner dei hadde meir å gå på offensivt. Laget ligg no på 8.-plass på tabellen med fire poeng etter tre spelte kampar. Fredag ventar ny kamp mot Haugesund på heimebane.
– Det var godt å få ein kamp i beina, etter ein litt lenger pause. Vi var ikkje så skarpe som sist kamp. No skal vi riste av oss dagens kamp, og så er vi klare til å ta ein skalp på heimebane, seier Bakke.