Det er ikkje berre
. Domstoladministrasjonen (DA) ynskjer å redusere tal tingrettar og jordskifterettar.I tillegg er
. Det same kan skje med leiinga av politiet i fylket.– Eg trur ikkje det vil auke tryggleiken i fylket vårt. Eg trur det vil føre til mindre lokalkunnskap og på sikt mindre tryggleik, seier leiar i interesseorganisasjonen til kommunane (KS), Jenny Følling (Sp).
Sogn utsett
Her i fylket vil Sogn tingrett vere utsett om DA får det som den vil. For det er tingrettane med ein sorenskrivar og ein dommar dei meiner er så små at dei manglar spisskompetanse.
Tal tingrettar i landet er nett redusert frå 94 til 67.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
– Vi har anbefalt ytterlegare strukturendring, skriv avdelingsdirektør Erling Moe i ein e-post til NRK.
– Vi sentraliserer ikkje
Sjølv om både politi og alarmsentral kan bli sentralisert, vil ikkje medlem i justiskomiteen på Stortinget, Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) vere med på at regjeringa står for ei sentralisering.
- LES OGSÅ:
– Vi ser ei endring i samfunnet som gjer at ein heile tida må vurdere om vi har ein rett organisering av både domstolen og politidistrikta, seier han.
– Tryggjande
Men Domstolsadministrasjonen vil også kutte i tal jordskifterettar. Her vil truleg både jordskifterettane i Nordfjord og Indre Sogn vere utsette.
DA har førebels ikkje fått signal frå departementa om at dei vil fremme sak for Stortinget, som til sjuande og sist er dei som avgjer spørsmålet.
– Det er i alle fall tryggjande å høyre at det skal opp til politisk behandling. For då får ein i alle fall tatt ei totalvurdering av dette. Alle ser vel at når ein ser alle etatane under eitt, så blir det veldig massivt. Det blir veldig sentraliserande og er på ein måte med å utarme dei apparat som ein har hatt ute i landet, seier Følling.